«That'll Be the Day» er ein song skriven av Buddy Holly og Jerry Allison. Han vart først spelt in av Buddy Holly and The Three Tunes i 1956 og vart så spelt inn på nytt i 1957 av Holly og det nye bandet hans, The Crickets. 1957-innspelinga vart ein stor suksess. Produsenten til Holly, Norman Petty, vart oppført som medlåtskrivar på songen, men medverka ikkje på innspelinga.[3]
Mange andre versjonar av songen er blitt spelt inn. Det var den første songen The Quarrymen, skiffle-gruppa som utvikla seg til The Beatles, spelte inn på ei demoplate.[4]
1957-utgåva av songen selde til gullplate i USA for over ein million selde singlar i 1969. I 1998 vart songen innlemma i Grammy Hall of Fame og er sidan 2005 ein del av arkivet National Recording Registry, ei liste lydinnspelingar som er «kulturelt, historisk eller estetisk viktige , og/eller informerer eller reflekterer livet i USA».
Bakgrunn
I juni 1956 gjekk Holly, Allison og Sonny Curtis på kino for å sjå filmen The Searchers, med John Wayne, der Wayne stadig brukte uttrykket «that'll be the day». Denne linja inspirerte dei unge musikarane.
Songen vart først spelt inn av Buddy Holly and The Three Tunes for Decca Records i Bradley’s Barn i Nashville, den 22. juli 1956. Decca, som var misnøgd med dei to førre singlane til Holly, gav ikkje ut innspelingar frå denne dagen. Etter at songen vart spelt inn på ny med The Crickets i 1957 og vart ein hit, gav Decca ut originalinnspelinga på singel den 2. september 1957, med «Rock Around with Ollie Vee» som B-side. Han var òg tittelsporet på albumet That'll Be the Day frå 1958.[6] Trass i at Holly nyleg var blitt ei stjerne, gjekk ikkje singelen inn på listene.
The Crickets-versjonen
Holly sin kontrakt med Decca hindra han å spele inn på ny nokre av songane han spelte inn i Nashville i 1956 dei nete fem åra, sjølv om Decca aldri gav dei ut. For å kome eg rundt problemet, sette produsenten Norman Petty The Crickets som artist på nyinnspelinga av «That'll Be the Day» for Brunswick Records.[1][2] Ironisk nok var Brunswick eit selskap under Decca. Då dette vart kjend, signerte Decca Holly til ein av sine andre etikettar, Coral Records, så han enda opp med to platekontraktar. Innspelingane med The Crickets vart gjevne ut av Brunswick og soloinnspelingane var på Coral.
Den andre innspelinga av songen vart gjort 25. februar 1957, sju månader etter den førte, i studioet til Norman Petty i Clovis i New Mexico, og gjeven ut på singel på Brunswick den 27. mai 1957.[1] Denne versjonen finst på debutalbumet til The Crickets, The "Chirping" Crickets, som kom ut 27. november 1957.
Brunswick-innspelinga av «That'll Be the Day» vert rekna som ein rock and roll-klassikar. Han vart rangert på 39. plassen på lista til magasinet Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.[7]
Salslister
Brunswick-singelen gjekk til topps på Billboard si «Best Sellers in Stores»-liste i 1957. Han nådde andreplassen på R&B-lista.[8] Songen gjekk til topps på UK Singles Chart i november 1957 og låg på toppen i tre veker.[9]
Den 20. desember 1969 hadde singelen selt til gullplate i USA.[10]
Den 20. september 1986 gjekk songen igjen inn på UK Singles Chart på ein 85. plass.[11]
Bobby Vee spelte inn ein hyllestversjon i 1964 for albumet I Remember Buddy Holly (Liberty LRP-3336/LST-7336). Vee og bandet hans spelte under namnet The Shadows under Winter Dance Party-turneen ddagen etter flystyrten som tok livet av Buddy Holly.
The Everly Brothers spelte inn songen og gav han ut på singel i 1965. Innspelinga deira nådde 30. plassen på den britiske singellista og 111. plassen i USA.[15]
Skeeter Davis spelte inn songen i 1967 for albumet Skeeter Davis Sings Buddy Holly, i lag med Holly-songen «It's So Easy!».
Paul og Barry Ryan tok med songen på debutalbumet sitt, Two of a Kind (Decca LP LK4878, 1967).