«Oh, Boy!» er ein song skriven av Sonny West, Bill Tilghman og Norman Petty. Han vart opphavleg spelt inn av Sonny West seint i 1950-åra, men selde dårleg. Han vart seinare spelt inn av Buddy Hollyand the Crickets mellom 29. juni og 1. juli 1957 i Petty Studios i Clovis i New Mexico, der Holly song solovokal og The Picks song korvokal. Songen er på formatet A-A-B-A med eit vers i 12-taktsblues og eit åtte taktar langt mellomspel. Holly spelte òg ein annan West-song, kalla «Rave On».)
Songen vart gjeven ut på albumet The "Chirping" Crickets og kom òg som A-sida på ein singel, med «Not Fade Away» som B-sida. Songen nådde tiandeplassen på den amerikanske singellista og tredjeplassen på den britiske lista tidleg i 1958.
Mud-versjonen
«Oh Boy!» vart spelt inn av den britiske glamrockgruppaMud. Denne versjonen låg to veker på toppen av UK Singles Chart i mai 1975.[1] Det var den tredje og siste listetoppen til bandet i Storbritannia. Han vart gjeven ut på albumet deira Mud Rock Volume 2, som nådde sjetteplassen på UK Albums Chart.[2]
Andre versjonar
Sonny West spelte inn ein demoversjon i februar 1957 som «All My Love». Denne vart gjeven ut i 2002.
The Nitty Gritty Dirt Band gav ut ein versjon av songen i 1974 på albumet Stars & Stripes Forever.
Songen var ein del av Phil Ochs sin «Buddy Holly Medley», som dekka fleire av Holly sine songar. Denne kom ut på konsertalbumet Gunfight at Carnegie Hall i 1974.
Songen vart «skapt på ny» som ein powerballade av Starbabies, og denne nådde Billboard Adult Contemporary-lista i 1979.
Det virtuelle synthpopbandet Silicon Teens spelte songen i 1980 på albumet Music for Parties, der dei spelar rock and roll-klassikarar som New Wave-songar.