Hasten Down the Wind
Hasten Down the Wind er det sjuande studioalbumet til den amerikanske songaren Linda Ronstadt, gjeve ut i 1976. Det vart det tredje albumet hennar på rad som selde minst ein million eksemplar og Rontstadt vart då den første kvinna som klarte dette.[6] Albumet gav ho Grammyprisen for Beste kvinnelege popsong i 1977, den andre av i alt 13 Grammyprisar ho vann i karrieren. Det gjekk i ei litt anna retning enn Heart Like a Wheel i 1974 og Prisoner in Disguise i 1975, og ho valde å hente songar frå nye låtskrivarar i staden for den tradisjonelle countryrockstilen ho hadde skapt fram til då. Det var eit meir seriøst og gripande album enn føregangarane, og fekk god kritikk.
Hasten Down the Wind inneheld to hitsinglar: Versjonen av Buddy Holly-songen «That'll Be the Day» (11. plassn på poplista, 27. plass på countrylista i USA) og ein versjon av Patsy Cline-hitten «Crazy», som nådde sjetteplassen på den amerikanske countrylista tidleg i 1977.[7]
Albumet inneheldt òg songar frå artistar som Warren Zevon («Hasten Down the Wind») og Karla Bonoff («Someone to Lay Down Beside Me», 42. plass på poplista, 38. plass på Easy Listening-lista), som begge kort tid seinare slo gjennom som artistar. Albumet inneheld òg ein versjon av «The Tattler» av Washington Phillips, som Ry Cooder hadde omarrangert for albumet sitt Paradise and Lunch i 1974. Ronstadt var medlåtskrivar på to songar på albumet, inkludert ein på spansk (som var første gongen ho spelte inn spansk musikk).
Det var det tredje albumet hennar som selde til platinaplate og låg fleire veker på topp 3 av Billboard-lista. Det var òg det fjerde albumet hennar som gjekk til topps på countryalbumlista.
Innhald
Salslister
Medverkande
- Linda Ronstadt – solovokal, korvokal (2, 3, 8, 12), klapping (4)
- Andrew Gold – akustisk piano (1, 6, 9, 11, 12), orgel (1, 3), ARP String Ensemble (1, 3), akustisk gitar (1, 3, 10), finger cymbal (1, 3), korvokal (1, 2, 4, 7, 8), elektrisk piano (2, 8), kanebjøller (2), klapping (2), elektrisk gitar (4, 9), bassgitar (5), harmonivokal (5), tamburin (6), sologitar (8), rytmegitar (8), kubjølle (8), clavinet (12)
- Clarence McDonald – akustisk piano (10)
- Dan Dugmore – elektrisk gitar (1, 2, 11, 12), steelgitar (5, 8, 9, 10)
- Waddy Wachtel – elektrisk gitar (3, 4, 6), akustisk gitar (5), «reggae»-sologitar (8)
- Kenny Edwards – bassgitar (1–4, 6, 8–12), korvokal (1, 2, 4, 7), mandolin (2), strykearrangement (2), akustisk gitar (5), harmonivokal (5)
- Mike Botts – trommer (1, 2, 4, 8–12)
- Russ Kunkel – trommer (3, 5, 6)
- Peter Asher – klapping (2), shaker (2, 8), tamburin, (2, 3), treblokker (4), kubjølle (8), korvokal (8)
- David Campbell – strykearrangement og dirigent (1, 2, 6, 9, 12)
- Charles Veal – konsertmeister (1, 9, 12), fiolin (2), bratsj (6)
- Dennis Karmazyn – cello (1, 6, 9, 12)
- Ken Yerke – fiolin (2)
- Richard Feves – kontrabass (6)
- Paul Polivnick – bratsj (6)
- Karla Bonoff – korvokal (3, 12)
- Wendy Waldman – korvokal (3, 12)
- Don Henley – harmonivokal (6)
- Herb Pedersen – korvokal (8)
- Pat Henderson – korvokal (9), korvokal (11)
- Becky Louis – korvokal (9), korvokal (11)
- Sherlie Matthews – korvokal (9), korvokal (11)
- Gerald Garrett – korvokal (11)
- Jim Gilstrap – korvokal (11)
- Ron Hicklan – korvokal (11)
- Clydie King – korvokal (11)
- Bill Thedford – korvokal (11)
Produksjon
Kjelder
|
---|
Stone Poneys-album | |
---|
Studioalbum | |
---|
Samarbeid | |
---|
Samlealbum | |
---|
Hitsinglar | |
---|
Tilknytte artiklar | |
---|
|
|