Welcome Pass er eit snøpass mellom Cairn Ridge og Czamanske Ridge, som dannar ein passasje til Tranquillity Valley i Dufek Massif i Pensacolafjella. Det vart namngjeve sesongen 1976-77 då Arthur B. Ford og Willis H. Nelson frå US Geological Survey (USGS) oppdaga eit helikopterdepot for den sovjetiske antarktisekspedisjonen, som sovjetarane hadde lagt i frå seg her sommaren før. Dei hadde lagt frå seg ein lapp med velkomstmelding for Dufek Massif for leiaren av Den sovjetiske antarktisekspedisjonen, Garrik Grikurov.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Welcome Pass» (innhald frå Geographic Names Information System).