Satellittbilete av Tustna frå NASA. Øya Tustna er den store øya til venstre i biletet. I søraust ser vi Stabblandet, rette nord for Stabblandet ser vi Solskjelsøya, og den litle øya lengst i vest er Golma.
Tustna er namnet på ein tidlegare øykommune på Nordmøre i Møre og Romsdal som 1. januar 2006 blei slegen saman med Aure kommune. Tustna er særleg kjend for variert natur og eit dyreliv som mellom anna inkluderer ein solid hjortestamme og mykje havørn. Folk som kjem frå Tustna blir kalla tustningar.
Ved kommunesamanslåinga var Tustna den minste kommunen i Møre og Romsdal i folketal, etter å ha veksla på denne posisjonen med Stordal kommune sidan slutten av 1990-talet. Den tidlegare kommunen Tustna inneheld øyane Tustna, Stabblandet, Golma og Solskjel, og i tillegg mange mindre øyar og holmar. Tidlegare inkluderte kommunen òg dei fleste gardane langs vestsida av Ertvågsøya. Tustna grensa til Smøla i nord, resten av Aure i aust, Halsa og Tingvoll i sør og Frei og Kristiansund i vest.
Under svartedauden seier ei segn at så og seie alle på Stabblandet døydde. Berre i Fjelnesdalen og på Soleim var det overlevande. Ungguten som levde att i Fjelnesdalen kleiv til fjells og såg etter røyk som livsteikn frå andre menneske. Han såg røyk i nordvest og følgde røyken ned til Soleim, der han fann ei ungjenta som òg hadde overlevd som det einaste andre mennesket på heile Stabblandet. Desse to flytte så saman i Fjelnesdalen og sette bu der. Denne varianten av segna vart fortald av Hallvard Halsen (eig. Hallvard Inderberg el. Hallvard Åsnes) frå Halsen/Åsnes under Innerberg til Torvald Gimnes kring 1950. Olve Utne skreiv ned segna etter Torvald Gimnes i 1980-åra, og det vart seinare rim- og tonesett av Kolbjørn Botten frå Valsøyfjord. Ein annan variant av segna seier at det var fleire som overlevde, og dei flytte alle til Fjelnesdalen.
Frå øya Tustna heiter det at ein mann og dei to døtrene hans flytte oppi Gullsteinsdalen i håp om å komma seg unna sotta. Mannen døydde der — visstnok ikkje av sjølve sotta — og vart gravlagd av døtrene, men begge døtrene greidde seg og vart ikkje ramma av svartedauden.
Kommunane Tustna og Aure vart samanslegne den 1. januar 2006. Den nye kommunen ber namnet Aure kommune, og kommunevåpenet byggjer på Tustna sitt tidlegare kommunevåpen med den endringa at klippfisken er i sølv (kvitt) i staden for tidlegare gull (gult).[1]
Folketalsutvikling
Tustna var den minste kommunen etter folketal i Møre og Romsdal frå dei store kommunesamanslåingane på 1960-talet og fram til 1977, då Stordal kommune vart skild ut som eigen kommune att, og var mindre enn Tustna. Men folketalet gjekk ned raskare i Tustna enn i Stordal, slik att Tustna vart den minste kommunen i fylket att i 1998. Frå då og fram til kommunesamanslåinga i 2005, veksla Tustna og Stordal på å vera minst frå år til år.
Folketalsutvikling for gamle Tustna kommune frå 1874 til 2005:
a Dette talet omfattar den delen av Ertvågøya som var del av Tustna kommune fram til 1965, då han vart overført til Aure kommune. Dette området hadde då 85 innbyggjarar.
Det finst mellom anna raudrev, røyskatt og gaupe på Tustna. Ulv har det ikkje vore der sidan 1800-talet, og av bjørn har det berre vore enkelte streifdyr i moderne tid. Av nyinnførte dyr er særleg minken vanleg. Orrfugl har det vore mykje av på Tustna. Spesielt på Solskjelsøya var det ei stor stamme med orrfugl. Orrhanane spela på kvar sin lynghaug for å tilkalla seg orrhønene. Men på 1970-talet minka det drastisk med orrfugl på Solskjelsøya. Dette hadde samanheng med at rovdyret mår gjorde sitt inntog på øya. Måren formeira seg raskt. Ekorna vart utrydda nærmast med ein gong.
Etter at Tustna vart slegen saman med Aure kommune vart gardsnummera endra slik at tustnagardane er nummererte frå 201 og opp. For dei gamle gardsnummera, trekk frå 200.
Johannes Berven (1899–1996), eller «Jóanes Trø’n», småbrukar, smed og postopnar som òg var lokalkjend som felespelar. Pariserpolkaen «Salmå-ass Bærven» etter han vart truleg skriven av han sjølv og er i dag på repertoaret til Nordmøre spel- og dansarlag.
Fugelsøy, Maurits: Tustna før og no. [Tustna] : Tustna historienemnd, 1956–1960. (2 b.; ill.) bibsys[daud lenkje]
Jensen, Anders: Busetninga på Tustna i seinmiddelalderen og den etterfølgende tid. Hovedopgåve i historie - Universitetet i Trondheim, 1971. bibsys[daud lenkje]
Lange, Ragnar [...] et.al. (red.): Gullstein kirke 100 år. [Tustna] : Tustna sokneråd, 1969. (30 s.; ill.) bibsys[daud lenkje]
Roaldset, Ottar: Tustna bygdebok. Utg. av Tustna kommune ved Tustna bygdeboknemnd. [Leira på Nordmøre] : [Tustna] kommunen, 1986– ? (3 b.; ill.) bibsys[daud lenkje]