Frå 1. januar 2020 var kommunen del av Ålesund kommune.[1] Frå 1. januar 2024 vart Haram skild frå Ålesund att, og vart på nytt ein sjølvstendig kommune.[2]
Geografi
Mesteparten av innbyggjarane i kommunen bur på fastlandet, der dei tre største tettstadene også ligg. Frå sør mot nord ligg også øyane Lepsøya, Haramsøya, Flemsøya/Skuløya og Fjørtoft.
Tettstader
Haram kommune har fire tettstader, innbyggjartal per 1.1.2009 i parentes:
Haram kommune vart oppretta ved formannskapslovene av 1837. Den 1. januar 1890 vart den dåverande kommunen delt, og Roald kommune med 794 innbyggjarar vart oppretta. Haram kommune hadde 1956 innbyggjarar etter delinga.[3]
1. januar 1965 vart den noverande storkommunen oppretta, på følgjande vis:
Dåverande Haram kommune, med unntak av Myklebustområdet på Harøya med øyane vestanfor (Uksøya, Storholmen m.fl.), som gjekk til Sandøy kommune, med 4 689 innbyggjarar