Tustna er ei øy i Aure kommune på Nordmøre. Øya var del av Edøy kommune fram til 1874, så utgjorde ho hovuddelen av Tustna kommune fram til 2006, då han vart slått saman med Aure kommune.
Om namnet
Uttale og bruk
Lokal uttale er ['thʉs:na] (N/A) med ['thʉs:n] (D). Tilstadsform blir ofte uttrykt med preposisjonen «på»+akkusativ og påstadsform ved same preposisjon + dativ:
- «E[1] ska på Tussna (A) næste vikkå.» (Eg skal [reise] til Tustna neste veke.)
- «E é på Tussn (D) mykjy tå ti’n.» (Eg er på Tustna mykje av tida.)
Opphav
Namnet vart oftast skrive «Tusteren» på dansk på 1800-talet. På nederlandske kart frå 1600-talet finst namnet i forma «Toester». Ein antek at namnet kjem av norrønt «Þústr» (= ‘slegel’, ‘sliul’, ‘tust’) og at dette står i samband med Stabben på naboøya Stabblandet.
Topografi
Fjell
Fjella på Tustna er frå gammalt eit landemerke for sjøfarande, og dei er framleis noko av det som lokkar folk til Tustna.
Tettstader
- Leira - ligg midtvegs mellom Tømmervåg og Gullstein på nordsida av Tustna. Staden har utvikla seg til å bli sentrum på Tustna med skule, to daglegvarebutikkar, bilverkstad og andre servicefunksjonar. Idrettsarenaen Høgda stadion, som høyrer til Tustna idrettslag, ligg òg her.
- Tømmervåg - sørvest på øya. Tustna ungdomsskule ligg her, i tillegg held ungdomsklubben til her med møter i lokala til Honky Tonk Cruisers, ein bilklubb for amerikanske bilar. Lokala er i ein nedlagd butikk. Frå Tømmervåg ferjekai er det ferjesamband til Seivika ferjekai i Kristiansund.
Folketalsutvikling
Folketalsutvikling for øya Tustna (medrekna Golma)
Biletgalleri
Fjella på Tustna
Utsikt frå Tustna
-
-
-
Solnedgang over Smøla, sett frå Gullsteinsdalen.
-
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Sjå òg