Time-Line er det ellevte studioalbumet til det engelske progressive rockebandet Renaissance, utgjeve i 1983.[1] Det var det siste albumet deira før dei vart oppløyst i 1987.
Renaissance gjekk bort frå den faste stilen sin på dette albumet og meir i retning av 80-talspop, ei endring som hadde byrja på det førre albumet, Camera Camera. Det var kommersielt mislukka og fekk dårlege meldingar frå musikkpressa.[2] Det vart følgd av ein nesten tjue år lang pause for bandet.
Medan stilen på Camera Camera var påverka av bandmedlemmane som hadde spelt i lag som Nevada (Annie Haslam og Michael Dunford, i tillegg til klaverspelaren Peter Gosling), tok Jon Camp leiinga for den musikalske stilen og retninga på Time-Line.[1] Han skreiv alle tekstar og kalla albumet det «beste» dei hadde laga.[3]
Mottaking
I ei seinare melding kalla Allmusic Time-Line «den same typen new wave-prog-hybrid som Camera Camera, med anakronistisk, men uimotståelege, små nummer som 'Richard the IX'. Eit hyggeleg og lystig album.»[1]
Innhald
Alle songar er skrivne av Jon Camp and Michael Dunford, utanom der andre er nemnde.
|
1. | «Flight» | Annie Haslam and Camp | 4:09 |
2. | «Missing Persons» (Camp) | Haslam | 3:36 |
3. | «Chagrin Boulevard» | Haslam and Camp | 4:23 |
4. | «Richard IX» (Camp) | Haslam | 3:40 |
5. | «The Entertainer» | Haslam | 4:45 |
|
6. | «Electric Avenue» | Haslam and Camp | 4:57 |
7. | «Majik» | Haslam | 3:10 |
8. | «Distant Horizons» (Camp) | Haslam | 3:58 |
9. | «Orient Express» (Camp) | Haslam | 3:55 |
10. | «Auto-Tech» (Camp) | Camp | 5:21 |
Medverkande
Renaissance
- Annie Haslam - solo- og korvokal
- Jon Camp - bass, korvokal, solovokal, gitarar
- Michael Dunford - gitarar, korvokal
Andre medverkande
- Peter Gosling, Nick Magnus, Eddie Hardin - klaverinstrument
- Peter Barron, Ian Mosley - trommer
- Bimbo Acock - saksofon
- Dave Thomson - trompet
Production
- John Acock - lydteknikar
- Kevin Metcalfe - mastering i Utopia Studios i London
Kjelder
|
---|
- Annie Haslam
- David J. Keyes
- Rave Tesar
- Frank Pagano
- Jason Hart
- Ryche Chlanda
|
Studioalbum | |
---|
Konsertalbum | |
---|
Songar | |
---|
Tilknytte artiklar | |
---|