Illusion er det andre studioalbumet til det engelske progressive rockebandet Renaissance, gjeve ut i 1971. Det vart opphavleg berre gjeve ut i Tyskland og kom ikkje ut andre stader før i 1973.[2] I Storbritannia kom det først ut i 1977, med eit plateomslag som hadde byta om fram- og baksida av den originale utgjevinga.[3]
Oversyn
Den originale Renaissance-besetninga vart oppløyst under innspelinga av dette andre albumet deira. Jim McCarty var den første som forsvann i 1970, då bandet var på veg ut på ein europeisk turné, fordi han mislikte så sterkt å fly. Keith Relf og Louis Cennamo var dei neste som for, og i lag skipa dei ei ny gruppe, Armageddon.[2] McCarty var framleis knytt til Renaissance som låtskrivar, og skreiv songar for dei tre neste albuma til bandet.
John Hawken heldt bandet gåande med å hente inn nye medlemmar, som Michael Dunford og Terry Crowe, som han tidlegare hadde spelt i lag med i The Nashville Teens. Den nye bassisten Neil Korner hadde tidlegare spelt i The New Vaudeville Band.[4] Denne nye besetninga, som spelte inn «Mr. Pine», vart kortvarig.
«Mr. Pine» er det einaste sporet på eit Renaissance-album der medlemmar frå den originale besetninga (Hawken, Jane Relf) kan høyrast i lag med medlemmar frå den klassiske besetninga deira (Dunford). Han inneheld eit tema som vart nytta om att i ein meir kjend Renaissance-song, «Running Hard» (frå Turn of the Cards, 1974).
For å fullføre albumet kom den (då oppløyste) originalbesetninga saman att, utanom Hawken og med gjesteklaverspelaren Don Shinn, for å spele inn «Past Orbits of Dust».[2]
Eit av spora som vart spelte inn for Illusion, ein relativt kort song kalla «Statues», kom ikkje med på albumet. Denne vart omsider gjeven ut i 2002 på albumet Live + Direct.[5] Det originale albumet vart gjeve ut på CD i 1995 på Repertoire Records.
Illusion var det første Renaissance-album med tekstar av Betty Thatcher, som kom til å arbeide med bandet resten av 70-talet.[2]
Innhald
|
5. | «Face of Yesterday» | McCarty | 6:06 |
6. | «Past Orbits of Dust» | McCarty, K. Relf, Thatcher | 14:39 |
Medverkande
Renaissance
- Jane Relf – solovokal på spor 1, 5 og 6, korvokal, perkusjon
- Keith Relf – gitar (alle utanom spor 4), solovokal på spor 3, korvokal (alle utanom spor 4)
- John Hawken – klaverinstrument, piano (alle utanom spor 6)
- Louis Cennamo – bass (alle utanom spor 4)
- Jim McCarty – trommer (alle utanom spor 4), solovokal på spor 2, korvokal (alle utanom spor 4)
- Terry Crowe – solovokal på spor 4
- Michael Dunford – gitar på spor 4
- Neil Korner – bass på spor 4
- Terry Slade – trommer på spor 4
Andre medverkande
Produksjon
- Keith Relf – produsent
- Andy Johns, Phil Ault – lydteknikarar
Kjelder
|
---|
- Annie Haslam
- David J. Keyes
- Rave Tesar
- Frank Pagano
- Jason Hart
- Ryche Chlanda
|
Studioalbum | |
---|
Konsertalbum | |
---|
Songar | |
---|
Tilknytte artiklar | |
---|