Annie Haslam (fødd 8. juni1947) er ein engelsk vokalist, låtskrivar og målar. Ho er mest kjend som frontkvinne og songar i det progressive rockebandet Renaissance sidan 1971, og for den lange og varierte solokarrieren sin. Ho har ei vokalrekkjevidd som strekkjer seg over fem oktavar.[1] Frå 2002 har Haslam òg drive ein karriere som biletkunstnar og måla måleri, målte musikkinstrument og giclée-bilete.
Biografi
Haslam studerte under operasongaren Sybil Knight i 1970.[2] I februar 1971 vart ho ny songar i Renaissance, etter å ha svart på ei annonse i det britiske magasinet Melody Maker og prøvesunge for bandet i Surrey.[3]
Med Renaissance var Haslam solovokalist på sju studioalbum i den klassiske perioden deira frå 1972 til 1979, og fire album etter 1981.[4]
I 1977 byrja Haslam på ein solokarriere med albumet Annie in Wonderland, produsert av Roy Wood, som spelte dei fleste instrumenta på albumet. Ho har sidan gjeve ut åtte studioalbum, tre av dei på eige selskap. Haslam var trulova med Wood i fire år.[5] I 1991 vart ho gift med Marc I. Hoffman, som enda med skilsmisse.[6][7]
↑Snider, Charles (2007). The Strawberry Bricks Guide to Progressive Rock (1st ed.). Chicago: Strawberry Bricks. p. 207. ISBN978-0-615-17566-9
↑Romano, Will (2010). Mountains come out of the sky: an illustrated history of prog rock (1st Ed.). Montclair, NJ: Blackbeat Books. p. 132. ISBN978-0-87930-991-6
↑Tobler, John (1992). NME's Rock 'n' Roll Years (1st utg.). London: Reed International Books Ltd. s. 223. ISBN978-0600576020.