Teppe

Islandsk sengeteppe frå 1700-talet.

Teppe er eit større stykke tekstil eller liknande som kan brukast til å dekka bakken, veggar, møblar, personar og anna med. Det kan vera meint for isolasjon, pynt eller som symbol. Eit teppe er gjerne vove eller knytt og er typisk firkanta, men kan ha mange ulike fasongar, mellom anna skore til for å dekka heile golvflata i eit rom. Tradisjonelt har ein knyta, vove, strikka, hekla og sydd eller brodert teppe.

Bruksområde

Elefant og hestar med teppe i eit indisk måleri frå 1600-talet.

Til folk, dyr og møblar

Folk bruker ofte teppe til å ha over seg når dei kviler eller søv, kjende som til dømes pledd, lureteppe eller slumreteppe. Sengeteppe kan vera teppe ein ligg under i senga eller meir av ein dekorasjon for ei oppreidd seng som ikkje er i bruk.

Teppe kan også brukast som draperte klede som til dømes kapper eller skjørt. Ein finn døme på dette blant keltarar (kilt, earasaid, brat[1]) og amerikanske urfolk (buffalo robe,[2] trade blanket,[3] manta).

Ein kan også bruka teppe på dyr, til dømes dekken og salteppe til hestar, kamelar, elefantar og så vidare.

På veggar og som forheng

Innreiing med orientalske teppe på veggar, bord og golv.

Teppe kan hengast opp på veggar eller i rom som skjermar, dekorasjonar og for isolasjon.

Veggteppe er lette å transportera og er derfor ein nyttig dekorasjon for omflakkande grupper, anten dei er nomadar eller herskarar med omreisande hoff. Inne i viktige telt har ein ofte brukt fine teppe til dekorasjon. Eit døme på dette er frå skildringa av Tabernakelet i Bibelen, som fortel korleis inngangsteppet og forhenget mellom Det heilage og Det høgheilage skal vera.[4]

Sentralasiatisk kultur har ein lang tradisjon for å bruka teppe til pynt og arkitektur, og har teke i bruk teknikkar som knyting, veving, trykking og broderi. I Mogulriket og kringliggjande område kunne eliten pynta med teppe som panel (qanat) eller skjermar (parda) både inne i telt, utandørs i teltleirar og rundtom palassrom som søylehallar. Teppene kunne vera dekorerte med blomar, personar eller meir abstrakte motiv.[5] Moderne døme på dekorerte veggteppe i telt er mellom anna teppe til jurtar broderte med stiliserte mønster av kasakhiske kvinner.[6]

'Det nye Jerusalem'. Del av Apokalypse-teppet frå 1300-talet.

Figurative biletteppe er kjende frå antikken - Iliaden fortel til dømes at Helena av Troja broderer Trojakrigen på eit teppe, medan Sampul-teppet er ein bevart biletteppedel frå 200- eller 100-talet f.Kr. som viser ein kentaur og ein soldat. Teppet er i hellenistisk stil, og truleg laga i Sentral-Asia. Hestia-teppet er eit bevart bysantinsk biletteppe laga på 500-talet, truleg i i Egypt, og viser Hestia Polyolbos. Frå seinare europeisk mellomalder kjenner ein mellom anna til det broderte Bayeuxteppet og vovne teppe, ofte gobelengar, som Baldisholteppet, Överhogdalstapeten, St. Gereon-teppet og La Dame à la licorne ('Kvinna og einhyrningen'). Biletteppa kan ha vore viste fram i kyrkjer eller brukt til å dekorera husa til adelsfolk. Tekstil veggklednad blei etter kvart kjend som tapet, og gjekk over til å vanlegvis vera laga av papir på 1800-talet.[7] Det blir likevel også laga tekstil veggkunst i mange ulike teknikkar, som vevnad, broderi, lappeteknikk, quilting og anna.

På teaterscener og liknande kan ein bruka teppe til dekorasjon bak scena, bakteppe, ulike teppe som kan skjula eller endra utsjånad delar av scena, og til å skjula heile scena frå publikum, sceneteppe. Eit sceneteppe kan haldast oppe av utøvarane i nokre tradisjonelle teatertypar, eller vera permanent opphengd over scena. Jernteppe til scenebruk er ein nedsenkbar vegg av jern eller glasfiber som blei utvikla for å hindra spreiing av brann i teater.[8]

På bakken

Golvteppe i 'Openberringa' frå 1400-talet av Pedro Berruguete

Teppe kan leggjast laust på bakken ute eller inne for å danna eit betre eller finare underlag til å gå eller vera på. Bedeteppe eller bøneteppe blir brukt under bøn i islam. Det skil den bedande frå bakken, og viser bøneretningen.[9] I sentralasiatisk kultur er teppe breidde ut på bakken ein vanleg måte å servera mat på. Dei er mellom anna kjende som sofreh eller dastarkhan.[10] Ein kan også bruka teppe til å sitja på. Liknande bruk er kjend frå piknikar og turar over heile verda. Teppe kan også leggjast ut for å laga ei særskild overflate å gå på. Raud løpar å gå på for utvalde er eit døme på dette.

Elles kan golvteppe dekkja ein del av eit golv, som ei matte, løpar eller eit anna avgrensa teppe, eller heile golvflata som eit tilskore vegg-til-vegg-teppe. Slike teppe kan vera enkelt laga av billige, gjerne gjenbrukte tekstilar, som filleryer, eller vera svært flotte og dyre, som handknytte persiske teppe. Den sistnemnde typen har inspirert forteljingar om magiske, flygande teppe.

Ordsoge og overført tyding

Laugsleiarar med teppe på bordet. Måleri av Gerbrand van den Eeckhout frå 1673.

Ordet for teppe på norrønt var tapit.[11] Det noverande ordet er kome gjennom lågtysk tappet, teppet, som blei oppfatta som ei bestemt form på dansk og norsk slik at ein nydanna ordet teppe som ubestemt form. Ordet kjem opphavleg frå latin tapete, tapetes, tapetium eller tapetum, bøyisngsformer av tapes. Det greske opphavsordet er tapes (τάπης) med diminutivsforma tapetion (ταπήτιον). Rota har også gjeve opphav til ordet tapet.[12]

I overført tyding kan ein omtala andre mjuke overflatar som minnar om teppe som dette,[11] til dømes blometeppe, grasteppe, røykteppe, skoddeteppe eller eit teppe av snø.

Uttrykket om å «[kalla nokon inn] på teppet» tyder at ein tek opp ei sak i eit møte, gjerne nokon si oppførsel og ofte for å få ei irettesetjing. Det viser opphavleg til det tjukke teppet (duken) som dekkja borda til rådsmøte.[13][14]

Å «feia noko under teppet» viser til å skjula noko ubehageleg og håpa at det skal bli forbigått eller gløymd.[13] Det inngår i omgrepet at problema lett kan dukka opp att sidan.[11]

«Jernteppe» er gått inn i språket både som eit omgrep for å totalt gløyma noko, og som bilete på den avstengde grensa mellom Vesten og Aust-Europa under kommunismen. Den tilsvarande avsondringa i Asia er blitt omtalt som bambusteppe.

Sjå òg

Kjelder

  1. «Brat», NATIVE CLOTHING 
  2. Decorated Robes of the Plains Indian
  3. Indian Trade Blankets, collectorsguide.com
  4. «Kapittel 26», Andre Mosebok ; Flekkerøy kirke - har nå fått alterteppe, henta 10. mai 2016 
  5. Rosemary Crill, Textiles and architecture in India, 7. desember 2015 vam.ac.uk; Tent panel; Panel from a Tent Lining (Qanat); Tent Hanging (qanat), risdmuseum.org; Rare, Complete, Mughal Fifteen-Panel Tent Hanging (Qanat), michaelbackmanltd.com
  6. 48 The Portrait - Kazakh embroidered wall hangings[daud lenkje], iias.asia
  7. Kjellberg, Anne (16. desember 2011), «Tapet», Store norske leksikon 
  8. Jernteppe: brannhindring (10. februar 2013). Store norske leksikon; [http://www.sprakradet.no/Vi-og-vart/hva-skjer/Aktuelt-ord/Jernteppe-eller-hjerneteppe/
  9. Bowker, John (2000), «Sajjāda», The Concise Oxford Dictionary of World Religions, Oxford University Press ; «Bedeteppe», Store norske leksikon, 14. februar 2009 
  10. https://nomadrugs.com/product/dastarkhan-8/ Lot 401 - An exceptionally large Mughal quilted Chandini (dastarkhan) Northern India, 18th Century, Bonhams.com 
  11. 11,0 11,1 11,2 «teppe» i Nynorskordboka.
  12. tæppe i Den Danske Ordbog; «tapis, n.», OED Online, Oxford University Press, March 2016 
  13. 13,0 13,1 «carpet, n.», OED Online, Oxford University Press, March 2016 
  14. Knowles, Elizabeth., red. (2005), «carpet», The Oxford Dictionary of Phrase and Fable, Oxford University Press 

Read other articles:

معهد ماكس بلانك لفيزياء خارج الأرضمعلومات عامةالبداية 1963[1] الاسم الرسمي Max-Planck-Institut für extraterrestrische Physik (بالألمانية) (1991 – ) مجال العمل علم الفلك البلد ألمانيا تقع في التقسيم الإداري غارشينغ باي مونشن[2] الإحداثيات 48°15′42″N 11°40′18″E / 48.261666666667°N 11.671666666667°E / 4...

 

Ver também: Nossa Senhora Rainha Nota: Não confundir com Rainha de Ophir com joias de ouro (não deve ser confundido porque um é profecia e outro visão).Esta página cita fontes, mas que não cobrem todo o conteúdo. Ajude a inserir referências. Conteúdo não verificável pode ser removido.—Encontre fontes: ABW  • CAPES  • Google (N • L • A) (Setembro de 2020) A Mulher Vestida com o Sol e a Santa Coroa da Hung...

 

U.S. Solicitor General (2021–) Elizabeth PrelogarOfficial portrait, 202148th Solicitor General of the United StatesIncumbentAssumed office October 28, 2021PresidentJoe BidenPreceded byBrian Fletcher (acting)In officeJanuary 20, 2021 – August 11, 2021ActingPresidentJoe BidenPreceded byJeff Wall (acting)Succeeded byBrian Fletcher (acting)Principal Deputy Solicitor General of the United StatesIn officeJanuary 20, 2021 – October 28, 2021PresidentJoe BidenPreceded byJef...

May AllisonLahir(1890-06-14)14 Juni 1890Rising Fawn, Georgia, A.S.Meninggal27 Maret 1989(1989-03-27) (umur 98)Bratenahl, Ohio, A.S.PekerjaanAktrisTahun aktif1914–1927Suami/istriKolonel J.L. Stephenson (m.19??–div.19??) Robert Ellis (m.1920–div.1923)James R. Quirk (m.1926–1932; his death)Carl Norton Osborne (m.19??–1982; his death) May Allison (14 Juni 1890 – 27 Maret 1989) adalah seorang aktris Amerika yang kesuksesan terbesarnya diraih pada awal abad ke-20...

 

Ancient Egyptian title for certain high-ranking priestesses dwꜣt nṯr n ỉmnDuatnetjer-en-Amunin hieroglyphs Era: 3rd Intermediate Period(1069–664 BC) dw3.t nṯr – DuatnetjerDivine Adoratrice (short form)in hieroglyphs Era: 3rd Intermediate Period(1069–664 BC) The Divine Adoratrice of Amun (Egyptian: dwꜣt nṯr n jmn) was a second title – after God's Wife of Amun – created for the chief priestess of the ancient Egyptian deity Amun. During the first millennium BCE, w...

 

Khanom chanKhanom chan prepared with pink food coloringTypeDessertPlace of originThailandRegion or stateSoutheast AsiaAssociated cuisineThailand Khanom chan (Thai: ขนมชั้น, pronounced [kʰānǒm t͡ɕʰán]) is an ancient Thai khanom, or dessert, made of tapioca flour, rice flour, and coconut milk, among other ingredients. Originating from the Sukhothai Period, the dessert is a staple snack in Thai cuisine, and Thai people usually prepare it for auspicious ceremonies. Kh...

Destruction of religious images For the absence of representations of the natural world or certain religious figures, see Aniconism. Iconoclast redirects here. For other uses, see Iconoclast (disambiguation). Triumph of Orthodoxy over iconoclasm under the Byzantine Empress Theodora and her son Michael III. Late 14th – early 15th-century icon. Iconoclasm (from Greek: εἰκών, eikṓn, 'figure, icon' + κλάω, kláō, 'to break')[i] is the social belief in the im...

 

Christian denominational views on the issue of abortion This article has multiple issues. Please help improve it or discuss these issues on the talk page. (Learn how and when to remove these template messages) This article uses bare URLs, which are uninformative and vulnerable to link rot. Please consider converting them to full citations to ensure the article remains verifiable and maintains a consistent citation style. Several templates and tools are available to assist in formatting, such ...

 

Evicting spiritual entities from a person or area For other uses, see Exorcism (disambiguation). St. Guy Heals a Possessed Man (1474) Exorcism (from Ancient Greek ἐξορκισμός (exorkismós) 'binding by oath') is the religious or spiritual practice of evicting demons, jinns, or other malevolent spiritual entities from a person, or an area, that is believed to be possessed.[1] Depending on the spiritual beliefs of the exorcist, this may be done by causing the enti...

Railway station in Tokyo, Japan TS14Takenotsuka Station竹ノ塚駅The east entrance of Takenotsuka Station, March 2022General informationLocation6-6-1 Takenotsuka, Adachi, Tokyo(足立区竹の塚6-6-1)JapanOperated byTobu RailwayLine(s)Tobu Skytree LineOther informationStation codeTS-14HistoryOpened1900Services Preceding station Tobu Railway Following station NishiaraiTS13towards Asakusa Skytree LineLocal YatsukaTS15towards Tōbu-Dōbutsu-Kōen Takenotsuka Station (竹ノ塚駅, Takenot...

 

2014 video gameDisco ZooGame logoDeveloper(s)Milkbag GamesPublisher(s)NimbleBitPlatform(s)iOS, AndroidReleaseWW: 21 February 2014Genre(s)Zoo simulation video gameMode(s)single-player Disco Zoo is a zoo simulation video game developed by Milkbag Games and published by NimbleBit for iOS and Android. It was published into the App Store on 21 February 2014 for iOS. Gameplay This section needs additional citations for verification. Please help improve this article by adding citations to reliable s...

 

化學生物學(英語:Chemical Biology)是哈佛大学的斯图亚特·L·施莱伯等人所提倡,利用分子生物學的手法,搭配有機化學的方式,探討細胞內核酸或是蛋白質等生物體內分子的功能或是反應。Schreiber等人指出:“化学生物学是对分子生物学的有力补充,化学生物学是采用化学的手段,如运用小分子或人工设计合成的分子作为配体来直接改变生物分子的功能[1]。 在傳統...

Yang Amat Berbahagia TunJeanne AbdullahPasangan Perdana Menteri MalaysiaMasa jabatan9 Juni 2007 – 3 April 2009Penguasa monarkiMizan Zainal AbidinPerdana MenteriAbdullah Ahmad BadawiPendahuluEndon MahmoodPenggantiRosmah Mansor Informasi pribadiLahirJeanne Danker29 Juli 1953 (umur 70)Kuala Lumpur, Federasi MalayaSuami/istriOthman Mahmood Abdullah Ahmad Badawi (m. 2007)AnakNadiah Kimie Nadene KimiePekerjaanManajemen hotelSunting kotak info • L • B Tun Jeanne Abdulla...

 

Lofoten District CourtLofoten tingrett68°13′58″N 14°33′43″E / 68.23267°N 14.56203°E / 68.23267; 14.56203Dissolved26 April 2021JurisdictionLofoten, NorwayLocationSvolværCoordinates68°13′58″N 14°33′43″E / 68.23267°N 14.56203°E / 68.23267; 14.56203Appeals toHålogaland Court of AppealDivision mapLofoten District Court covers the upper green areas in Nordland county Lofoten District Court (Norwegian: Lofoten tingrett) was a ...

 

Marvel Comics fictional character This article's lead section may be too short to adequately summarize the key points. Please consider expanding the lead to provide an accessible overview of all important aspects of the article. (June 2022) Comics character ArmadilloArmadillo, as seen in Marvel Universe.Art by John Byrne.Publication informationPublisherMarvel ComicsFirst appearanceCaptain America #308 (August 1985)Created byMark GruenwaldPaul NearyIn-story informationAlter egoAntonio Rodrigue...

Ride at Universal Studios Orlando E.T. AdventureThe entrance of the attraction at Universal Studios FloridaUniversal Studios FloridaAreaWoody Woodpecker's KidZoneStatusOperatingOpening dateJune 7, 1990 (1990-06-07) Universal Studios HollywoodAreaLower LotStatusRemovedOpening dateJune 12, 1991 (1991-06-12)Closing dateMarch 14, 2003 (2003-03-14)Replaced byRevenge of the Mummy Universal Studios JapanAreaHollywoodStatusRemovedOpening dateMarch 31,...

 

Kim Hyun-joong discographyKim Hyun-joong during SS501 concert in Hong Kong, 2009Studio albums5Video albums10Music videos28EPs5Singles14Soundtrack albums7 During 2005–2010, Kim has had two solo songs from SS501 albums: Rize Up from Kokoro,[1] and Please Be Nice To Me from SS501 Solo Collection.[2] In 2008, he released Thank You digital single, a theme song from We Got Married and was also included in SS501 mini album Find.[3] In 2009, he contributed two soundtracks fr...

 

Den här artikeln omfattas av Wikipedias policy om biografier. Den saknar källhänvisningar och kan inte verifieras. (2021-02) Åtgärda genom att lägga till pålitliga källor (gärna som fotnoter). Uppgifter utan källhänvisning kan ifrågasättas och tas bort utan att det behöver diskuteras på diskussionssidan. Jakob RedtzerFödd10 juli 1993[1] (30 år)Fresta församling[1], SverigeMedborgare iSverigeSysselsättningLåtskrivare, musikproducentNoterbara verkPretenderRedi...

Whitelee Wind Farm dioperasikan oleh ScottishPower Renewables dan merupakan ladang angin darat terbesar di Britania Raya dengan total kapasitas 539 megawatt (MW).[1] Produksi energi terbarukan di Skotlandia adalah topik yang telah mengemuka dalam istilah teknis, ekonomi, dan politik selama tahun-tahun permulaan abad ke-21.[2] Sumber daya alam untuk energi terbarukan tergolong tinggi menurut standar Eropa, dan bahkan global, dengan sumber potensial terpenting adalah angin, omba...

 

صبيخان الإحداثيات 34°50′47″N 40°35′38″E / 34.84638889°N 40.59388889°E / 34.84638889; 40.59388889  تقسيم إداري  البلد سوريا[1]  التقسيم الأعلى منطقة الميادينمحافظة دير الزور  رمز جيونيمز 164025  تعديل مصدري - تعديل   صبيخان مدينة سورية في منطقة الميادين تابعة للمحافظة دير ا...

 

Strategi Solo vs Squad di Free Fire: Cara Menang Mudah!