Svalbard er ei øygruppe i Nordishavet, og utgjer alle øyar, holmar og skjer mellom 74 og 81 grader nordleg breidd og 10 og 35 grader austleg lengd. Den totale storleiken er på ca 62 050 km². Dei største øyane er Spitsbergen, Nordaustlandet, Edgeøya og Bjørnøya. Etter Svalbardtraktaten (av 9. februar1920) er Noreg tilkjent full og uinnskrenka suverenitet over Svalbard, med dei avgrensingane som fylgjer av traktaten. Etter lov av 17. juli1925 er Svalbard ein del av Kongeriket Noreg.
Historie
Namnet er fyrste gong nemnt i islandske skrifter frå 1194. I den islandske landnåmsboka frå 1200-talet er Svalbard også nemnt, men det er ikkje sikkert om dette er det same som Svalbard av i dag.
Noreg vart gjeve suverenitet over Svalbard i 1920 etter at den såkalla Svalbardtraktaten vart inngått mellom Noreg og fleire andre land i Europa. Norsk styre tok til frå 14. august 1925.
Namnet Svalbard er av norrønt opphav (norrønt: Svalbarði), og er vorte tydt som «kjøleg kant»; «kjøleg side» eller «den kalde kysten». Ordet finst i fleire islandske årbøker frå 1100-talet.[1]
Alle dei norske stadnamna på Svalbard skal fylgja nynorsk rettskriving.[2]
Geografi
Totalt omfattar Svalbard landområde med eit areal på 61 022 km². Dei ti største øyane er
Svalbard har tundraklima med eit sterkt maritimt preg med mykje skodde og skyer. Dei høgaste månadsmiddeltemperaturane ligg mellom 0 og 10 °C. Greina av Den norske atlanterhavsstraumen som går nordover langs vestkysten av Spitsbergen og vidare mot aust utanfor nordkysten, er kanskje den viktigaste faktoren for vêr og klima. Her kan det vere ope vatn over større område, sjølv midt på vinteren, medan austkysten samstundes kan vere blokkert av is som delvis vert ført med straumen rundt Sørkapp.
Heile øygruppa er påverka av dei polare austvindane. Dette systemet blir noko deformert på grunn av fordelinga av land, is og ope hav. Den herskande vindretninga er stort sett frå nordaust. Berre i ein kort sommarsesong kan vestleg vind opptre oftare enn den austlege ved vestkysten og i fjordane der. Øyane har liten kuling eller meir frå kring 10 til kring 20 % av året på utsette stader, frå 5 til 10 % i fjordstrok og område i aust og nordaust der polarisen dominerer.
Dei kaldaste månadene er i regelen februar eller mars og middeltemperaturen varierer frå ca. –7 °C på Bjørnøya til –15 °C eller litt lågare i indre fjordstrok på Spitsbergen. Det er truleg ein middel på kring –20 °C i områda lengst nordaust, men her manglar det pålitelege data. Den lågaste målte temperaturen er –32 °C på Bjørnøya, og mellom –40 og –45 °C på Spitsbergen, med –46 °C på Svalbard lufthamn, Longyear, målt fyrst i mars, som rekord. Middeltemperaturen for varmaste sommarmånad syner ei jamn fordeling frå 3 til 6 °C, varmast i dalstroka på Spitsbergen, og litt kaldare lengst aust. Juli er den varmaste månaden i dei skjerma fjordstroka, elles august. Den høgaste målte temperaturen er over 15 °C; både på Bjørnøya og Svalbard lufthamn har ein målt over 20 °C. Det er målt varmegrader i alle månadene i året, men det har òg vore målt kuldegrader i alle, bortsett frå i juli i fjordstroka.
Nedbøren kjem hovudsakleg frå skyer i låg høgd, så fordelinga er difor sterkt prega av terrenget. Årsnedbøren er om lag 200 til 500 mm, med mest nedbør på ettersumaren og hausten. Somme skjerma område nord på Spitsbergen har truleg nedbør under 100 mm, medan det i eit maksimalområde i søraust truleg er 10 gonger så mykje.
Svalbard har mykje overskya vêr, sjølv når det er høgtrykk. Det er meir skodde her enn nokon stasjonar i låglandet i fastlands-Noreg, 8-10 % over havet og kysten i sør, men under 1 % i indre fjord- og dalstrok. Det er mest skodde om sumaren, men det kan kome skodde året rundt. Minst skydekke er det i april og mai.
I eit møte i Svalbardrådet den 26. april1989 vedtok rådet med 13 mot to røyster å gå inn for svalbardvalmue som «fylkesblomster» for øygruppa. Sysselmannen fann det ikkje rett å fatta eit formelt vedtak då det ikkje var heimel for det.
Folkesetnad
På øygruppa bur det nordmenn (over 1900) og slavarar (i hovudsak russarar og ukrainarar) (ca 750). Dei fleste overvintrar. I tillegg til i Longyearbyen og Barentsburg, er det òg fast busetjing i Ny-Ålesund, på Bjørnøya og på Hopen.
Sysselmannen er staten sin øvste representant på Svalbard og utøver politimynde. Øygruppa vert elles administrert som ein del av Troms fylke. Somme lover gjeld ikkje på Svalbard.