(1969)
Sings the Country Music Hall of Fame Hits, Vol. 1 er eit musikkalbum av Jerry Lee Lewis som kom ut på Smash Records i 1969.
Etter Lewis fekk ein ny karriere på countrylistene, sette han og produsenten Jerry Kennedy i gang med å spele to album med klassiske countrysongar spreidd over fire innspelingar på to dagar. Dette gjorde dei for å fullføre kontrakten han hadde med Smash for 1969. Albumet ineheld countrystandardar som «Sweet Dreams», som vart gjort kjend av Patsy Cline, og den klassiske Hank Williams-songen «I'm So Lonesome I Could Cry». Duetten «Jackson» vart sungen i lag med Linda Gail Lewis. Kritikarar har ofte trekt fram at albumet verkar som venstrehandsarbeid samanlikna med dei tidlegare albuma til Lewis, Another Place, Another Time og She Still Comes Around. Albumet nådde andreplassen på couuntrylista til Billboard.