Sings the Country Music Hall of Fame Hits, Vol. 2 er eit musikkalbum av Jerry Lee Lewis som kom ut på Smash Records i 1969.
I lag me volum 1, inneheld albumet innspelingar av countryklassikarar gjort i løpet av fire innspelingar på to dagar. Lewis hadde fått eit comeback innan country med singelen «Another Place, Another Time» i 1968. Albumet inneheld countrysongar av Hank Williams, Don Gibson og Jim Reeves, i tillegg til ein duett med systera til Jerry Lee, Linda Gail Lewis. Det selde ikkje like godt som det første albumet, og nådde femteplassen på countrylista til Billboard.