Romford er ein stod forstadsby nordaust i London[1] i England og det administrative senteret i London Borough of Havering. Han ligg 23 km nordaust for Charing Cross og er eit av dei store bysentera i Londonplanen.[2] Han var historisk ein marknadsby i grevskapet Essex.[3]
Gode vegsamband og opninga av ein jernbanestasjon i 1839 var viktige for utviklinga av byen[3] og den økonomiske historia til Romford er markert av eit skifte frå jordbruk til lettindustri og i nyare tid handel.[3] Som forstad til London på 1900-talet opplevde Romford stor vekst og vart eit bydistrikt i 1937 og ein del av Stor-London i 1965.[4]