Croydon er ein by sør i London i London Borough of Croydon i England. Han har kring 330 000 innbyggjarar. Han ligg 15 km sør for Charing Cross og er eit av 11 storbysenter i Londonplanen for Stor-London.
Historisk var byen ein del av Surrey. Croydon voks i mellomalderen som ein marknadsby og eit senter for produksjon av trekol. Surrey Iron Railway frå Croydon til Wandsworth opna i 1803 og var den første offentlege hestedrivne jernbanen i verda. Tidleg på 1900-talet var Croydon eit viktig industriområde, særleg kjend for produksjon av bilar, metallarbeid og luftfart. Croydon vart ein del av Stor-London i 1965.
Kjelder