Planten blir 15–75 cm høg. Årsskota er hårete, medan resten av planten er glatt. Dei smale blada sit i kransar på tre, noko som skil arten frå slektningen klokkelyng. Dei klokkeforma blomane er purpurfarga og sit i klasar. Han veks i hei og open skog på tørr og sur jord.[1]
↑C. Grey-Wilson og M. Blamey; norsk utgave T. Faarlund og P. Sunding. Teknologisk Forlags store illustrerte flora for Norge og Nord-Europa. Teknologisk Forlag. ISBN82-512-0355-4.