Middelhavslanda er landa som ligg rundt eller i Middelhavet og har liknande klima, geografi og historie. Sjølv om landa i dag ligg i tre verdsdelar, var dei lenge ei slags eining, bunde saman av havet mellom seg og avgrensa av ørken i sør og aust og av fjellkjeder i nord.
Landområda rundt Middelhavet er prega av tørre, varme og lange somrar og våte, milde vintrar. Denne klimatypen finn ein fleire stader i verda, og han er blitt kalla middelhavsklima.
Ulike sivilisasjonar dominerte og spreidde seg i området: Greske bystatar nord for havet og fønikarar i aust og sør frå 1000-talet f.Kr., romarar frå rundt 500 f.Kr., arabarar frå 700-talet og osmanarar frå 1400-talet. Alle desse har prega store delar av middelhavslanda, og bidratt til at dei har fått ei felles kulturarv.
Heile denne tida hadde Middelhavet vore ei viktig ferdselsåre for handel mellom Europa, Afrika og Asia. Dette endra seg med oppdagingstida og utviklinga av større skip som kunne segla rundt Afrika i staden for at varene tok omvegen gjennom Middelhavet. Området blei mindre viktig.