Pedagogikk er eit vitskapleg fagområde som tar for seg spørsmål knytt til undervising, oppdraging, læring og utvikling og dei verkemidla, metodane og teoriane ein nyttar for å oppnå dette. Pedagogikk er nært knytt opp mot fagområda psykologi, filosofi og sosiologi.