Kjemi er tradisjonelt definert som læra om stoffa og forholdet mellom stoffa, det vil seia om korleis stoffa reagerer med kvarandre og ordnar seg i forhold til kvarandre. Med grunnlag i nyare teoriar kan også kjemi uttrykkast som læra om elektron og overføring av elektron.
Kjemi utvikla seg frå alkymi. På 1700-talet utvikla kjemien seg til ein vitskap. På denne tida vart oksygen oppdaga. Seinare voks det fram ulike retningar, til dømes organisk og uorganisk kjemi.
Grunnstoff
Grunnstoffa er sentrale i kjemifaget; det er uavhengige stoff som ikkje kan omformast i seg sjølve. Desse vert samanfatta i det periodiske systemet.
Eit grunnstoff er ei samling av like atom, med eit bestemt protontal i kjernen og eit like stort elektrontal rundt kjernen. Dette talet kallar me atomnummer til grunnstoffet. I det periodiske systemet finn me ei oversikt over alle grunnstoffa, organisert etter atomnummer.
Isotopar
Nøytrontalet i kjernen kan variera; isotopar er stoff av same grunnstoff som har ulike nøytontal.
Som eit døme kan me ta hydrogen, det enklaste grunnstoffet. Det har kjemisk symbol H og atomummer 1, men nøytrontalet kan vera 0 (vanleg hydrogen), 1 (deuterium) eller 2 (tritium).
Kjemiske sambindingar
Eit grunnstoff vert sjeldan funne åleine i naturen; dei er som oftast i sambindingar med andre grunnstoff. Motdøme er til dømes oksygen, som kan finnast i to allotrope former: oksygengass og ozongass, men også desse er kjemiske sambindingar, då dei inneheld respektive to og tre oksygenatom, og ikkje eit enkelt eit.
Organiske sambindingar er det store fleirtalet av karbonsambindingar, berre med unntak av karbondioksid (CO2), hydrogencyanid (HCN), og liknande stoff. Uorganiske sambindingar er på si side alle sambindingar som ikkje er organiske.
Me kjenner til fleire millionar organiske sambindingar, medan talet på uorganiske sambindingar er beskjedent i forhold.
Kjemiske stoff reagerer med kvarandre, og me får danna nye kjemiske stoff. Døme er at hydrogengass og oksygengass reagerer, og me får vatn, eller at organiske sambindingar i veden vert forbrent i vedomnen under nærvær av oksygengass. Dette er kjemiske reaksjonar
Av vanlege reaksjonstypar har me redoksreaksjonar og syre-base-reaksjonar. Oppløysingsreaksjonar vert også nemnde, men dette er ikkje eigentlege reaksjonar, men endringar av intermolekylære bindingar (forholdet mellom ulike sambindingar endrar seg).