Nakhitsjevan (aserbajdsjanskNaxçıvan, meir offisielt Naxçıvan Muxtar Respublikası) er ein autonom republikk som tilhøyrer Aserbajdsjan. Området er ein eksklave med Armenia mellom seg og resten av landet. Nakhitsjevan er 5 500 km² stort og har omkring 310 000 innbyggjarar. Hovudstaden er Nakhitsjevan. Forutan mot Armenia i nord og aust grensar Nakhitsjevan mot Iran i sør og vest og mot ein liten tyrkisk remse mellom Iran og Armenia i nordvest.
Armenia har rekna (og reknar delvis enno) området som armensk. Nakhitsjevan reknar seg sjølv som eit sjølvstendig land, men er ikkje anerkjend av andre nasjonar. Som land har dei derimot sjølv, forutan Tyrkia, anerkjend det tyrkiskkontrollerte Nord-Kypros som eit eige land. Den førre aserbajdsjanske presidenten Heydər Əliyev kom frå Nakhitsjevan.
I 1990 erklærte Nakhitsjevan (som første sovjetrepublikken) seg sjølvstendig av Sovjetunionen. Republikken vart gjenerobra i løpet av eit par dagar. På trass av den korte varigheita vert ofte denne lausrivinga rekna som det første forvarselet om at Sovjetunionen kom til å gå i oppløysing.