Mikrofon

AKG C 451 B kondensatormikrofon.

Mikrofon er akustoelektrisk omformar som omformar lydtrykk til eit elektrisk signal[1]. Mikrofonar har ein membran som vert sett i rørsle når trykket varierer. Membranrørsla vert så konvertert til ei elektrisk spenning, enten ved hjelp av ein variabel kapasitans (kondensatormikrofon), ved hjelp av elektromagnetisk kopling (svingspole- og bandmikrofon), pizoelektrisk omforming eller optisk kopling (lasermikrofon).

Mikrofonar vert nytta til mange føremål, som opptak av tale og musikk i konsertsalar, på sener, i opptaks- og kringkastingsstudio, i samband med forsterkingsanlegg av tale i forsamlingslokale, i store i telefonrøyr og så bortetter. Eit anna bruksområde er laboratoriemålingar, måling av støy og så vidare. Desse bruksområda sett ulike krav til mikrofonane og det finst difor mange ulike mikrofontypar.

Arbeidsprinsipp

Mikrofonar er transduserar som konverterer energien i lydbølger til elektrisk energi. Spenninga på utgangsterminalane er anten proporsjonal med farten til membranen (hastigheitskonvertering), eller med utslaget til membranen (utslagskonvertering)[2]. Svingspole- og bandmikrofonar er døme på mikrofonar som nyttar hastigheitskonvertering, medan kondensator- og piezoelektriske mikrofonar er døme på mikrofonar som nyttar utslagskonvertering. Dette avsnittet handsamar omnidireksjonale trykkmikrofonar. Retningsfølsame mikrofonar vert handsama i eit eige avsnitt. Sjølv om alle moderne bandmikrofonar er retningsfølsame vert arbeidsprinsippet handsama her.

Kondensatormikrofonar

Prinsippskisse for ein kondensatormikrofon.
Oktava MK-319 kondensatormikrofon.

Kondensatormikrofonar har ei plate i stutt avstand attom membranen, som er polarisert i høve til membranen[3][4]. Polarisjonespenninga varierer etter type. Labroatoriemikrofonar har ofte ei polarisasjonsspenning på 200 V[5], medan dei fleste studiomikrofonar nyttar 48 V[4]. Membranen og bakplata fungerer som ein kondensator, med kapasitans

,

der er permittiviteten til luft (8,8541 Farad/m), er det effektive membranarealet og er avstanden mellom membranen og bakplata. Når lufttrykket varierer vil òg avstanden mellom membranen og bakplata variera, som i sin tur fører til at kapasitansen varierer proporsjonalt med variasjonen i lufttrykket. Polarisasjonsspenning vert tilført gjennom ein svært stor motstand, så ladninga på membranen vinn ikkje å endra seg. Etter som ladninga

,

der

,

of spenningsendringa, må spenninga endra seg når kapasitansen endrar seg. Endringa i spenning, , som er mykje mindre enn polarisjonsspenninga , er proporsjonal med lydtrykket. For å separera signalspenninga frå polarisasjonsspenninga vert det nytta ein koplingskondensator. Ein slik kondensatormilrofon har svært høg utgangsimpedans og utsignalet er svakt. Kondensatormikrofonar har difor innebygd ein forsterkar, plassert i same kapsel (mikrofonhus) som sjølve mikrofonelementet. Det vert ofte nytta ein JFET-transistor i inngangen på denne forsterkaren.

Resonansfrekvensen til omnidireksjonale kondensatormikrofonar er plasser ved øvre ende av frekvensområdet. Membranutslatet vert difor frekvensuavhengig, og etter som utspenninga er proporsjonal med membranutslaget vert førsamheitsresponsen (frekvensresponsen) flat.

Alle laboratoriemikrofonar (målemikrofonar) er kondensatormikrofonar. Det er òg dei fleste opptaksmikrofonane nytta for å ta opp musikk i konsersalar, i opptaksstudio, kringkastinsstudio og så vidare. Grunnen til dette er mellom anna at kondensatormikrofonar har låg forvrengning, rett frekvensrespons og at dei er tilgjengelege med forskjellige polarresponsar.

Elektretmikrofon er ein kondensatormikrofon som har ei permanent ladning på membranen, slik at dei ikkje treng ekstern polarisasjonsspenning[6]. Dette gjer at dei vert billigare og kan brukast saman med utstyr som ikkje kan levera ei 48 V polarisasjonespenning. Elektretmikrofonar var tidlegare ikkje av same kvalitet som kondensatormikrofonar med ekstern polarisasjonsspenning, men det er gjort store framsteg dei siste åra og det finst no gode elektretmikrofonar.

Svingspolemikrofonar

Svingspolemikrofon.
Sennheiser svingspolemikrofon.

Svingspolemikrofonar vert ofte kalla dynamiske mikrofonar i daglegtalen, men etter som så godt som alle mikrofonar er dynamiske, på den måten at di er oppbygde i form av eit dynamisk mekanisk system (mekaniske komponentar i rørsle), er dette namnet ikkje særleg beskrivande.

Svingspolemikrofonar har ein ein membran festa til mikrofonhuset med eit fjærande oppheng i periferien til membranen[4].. Til membranen er det festa ein svingspole, som vert set i rørsle når innfallande lydbølgjer set membranen i rørsle. Svingspolen rører seg i eit magnetfelt, generert av ein permanentmagnet. Når memranen og svingspolen bevegar seg i det magnetiske feltet vert det generert ei elektrisk spenning (V) i svingspolen. Spenninga er proporsjonal med farten til leiaren i svingspolen i høve til det magnetiske feltet:

,

der B er den magnetiske flukstettleiken (Tesla), l er lengda (m) til den elektriske leiaren som utgjer viklingane i svingspolen og u er farten (m/s).

Massen til membranen og fjørstivheita til membranen utgjer ein 2. ordens resonator, med resonansfrekvens

,

der er den dynamiske massen til membranen, inkludert luftlast, og er den inverse fjørstivheita til opphenget. På omnidireksjonale svingspolemikrofonar vert resonansfrekvensen plassert ved det geometriske sentret mellom nedre og øvre grensefrekvens. Dette fører til at farten til membranen aukar med 6 dB/oct i området under og fell med 6 dB/oct, i området over . For å få eit flat følsamheitsrespone må farten til membranen vera uavhengig av frekvensen. Dette vert oppnådd ved kraftig demping av reonansen, ofte i form av ein silkeduk mellom fremre og bakre kammer. Dempinga kan likevel ikkje vera for kraftig, etter som dette fører til at førsamheita då vert før lita. For å auka bandbreidda er det vanleg å plassera Helmholzresonatorar ved nedre og øvre ende av frekvensområdet. Diffraksjon gjev og eit løft i den øvre enden av frekvensresponsen og denne vert nytta for å auka bandbreidda.

Svingspolemikrofonare har ikkje like gode data som kondensatormikrofonar, men dei er av dei mest robuste mikrofontypane. Mikrofonkapsulen er ofte festa til det ytre huser med eit elastisk oppheng som dempar vibrasjonar og gjer at mikrofonen toler ein støyt. Dei overlever vanlegvis hardhendt handsaming, som å detta i golvet når eit mikrofonstativ bikkar. Dei vert difor nytta til oppgåver der dei får hardhendt handsaming og/eller der krava til kvalitet ikkje er spesielt høge. Typiske døme er taleforsterkning på flyplassar, jarnbanestasjonar, bingohallar, og liknande. Nokre typar vert òg nytta av songarar.

Bandmikrofonar

Bandmikrofon.
Den hesteskoforma magneten utgjer saman med luftgaper, der membranen er plassert, ein magnetisk krins.

Ein bandmikrofon har ein leiande membran (ofte aluminium) plassert i eit magnetfelt, sett opp av ein permanentmagnet. Når membranen vert set i rørsle av innfallande lydbølgjer vert det generert ei elektrisk spenning

,

der B er den magnetiske flukstettleiken (Tesla), l er lengda (m) til den elektriske leiaren som utgjer viklingane i svingspolen og u er farten (m/s). Som for ein svingspolemikron er spenninga proporsjonal til farten på membranen i høve til magnetfeltet[4].

Membranen kan ha ei lengd på 5 - 6 cm og ei breidd på 5 - 6 mm. Bredda på luftgapet i den magnetiske krinsen er litt større enn breidda til membranen. Medan svingspolen i ein svingspolemikrofon har mange turn, er det membranen som fungerer som spole i ein bandmikrofon. Lengda på leiaren i magnetfeltet er difor den same som lengda til membranen (5 - 6 mm). Dette fører til ei svært låg utgangsspenning, så bandmikrofonar har ein innebygd transformator som transformer opp spenninga på utgangsterminalane. Denne transformatoren er ein kritisk komponent som er med på å auka prisen.

Medan svingspolemikrofonar vert laga både med omnidireksjonal og direksjonal (ofte nyre) polarrespons, har bandmikrofonar åttetalkarakteristikk. Dette kjem av at membranen er open på begge sider, slik at det på grunn av trykkgradienten oppstår ein trykkdifferanse

,

mellom dei to sidene av membranen, der er krafta på membranen, er effektivt membranareal, er farten til membranen, er vinkelfrekvensen, er tettleiken til lufta, er lengda mellom fram- og baksida til membranen og er vinkelen mellom den innfallande lydbølgja og normalen på membranen.

Trykkgradienten, og difor , er proporsjonal med frekvensen , men på grunn av at resonansfrekvensen til bandmikrofonar er plassert i nedre ende av frekvensområdet er farten til membranen invers proporsjonal med frekvensen. Følsamheita vert difor uavhengig av frekvensen.

For å bryta opp eigenfrekvenar (resonansar) i membranen er han korrugert. Membranen har i utgangspunktet for lite demping, så for å unngå at Q-verdien vert for stor må han dempast. Dempinga vert til dels oppnådd ved viskøs demping ved å gjera avstanden mellom polstykka og membranen så liten som mogleg. Men dette er ofte ikkje nok og det vert tilført tilleggsdemping i form av akustiske motstandar på begge sider av membranen. Silke kan nyttast til dette, men eit finmaska metallgitter ver òg nytta.

På 1940- og 1950-talet var bandmikrofonar mykje nytta i radiostudio, men i dag vert dei i fyrste rekke nytta til opptak av klassisk musikk. På grunn av åttetalskarakteritikken vert dei ofte nytta i samband med Blumlein- og MS-opptak. Bandmikrofonar er ømfintlege og må handsamast forsiktig. Dei er òg følsame for vind og er så godt som ubrukelege utandørs.

Mikrofontypar klassifiserte etter bruksområde

Det finst eit utal ulike mikrofonar og det er uråd å laga ei eintydig klassifisering, men ein skil ofte mellom fire bruksområde.

Profesjonelle mikrofonar

Neuman TLM 170 R multidirektiv stormembranmikrofon i vibrasjonsdempande oppheng.

Ved opptak av musikk i konsertsalar og lydstudio vert det stilt strenge krav til lydkvaliteten. Dei fleste profesjonelle mikrofonar er kondensator- eller elektretmikrofonar, men bandmikrofonar vert òg nytta. Slike mikrofonar vert produserte med stor presisjon og streng kvalitetskontroll, noko som fører til høge prisar. Både omnidireksjonale og direktive mikrofonar vert nytta.

Mikrofonar for generell bruk

Mikrofonar som vert nytta i samband med taleforesterking i forsamlingslokalar, jarnbanestasjonar, flyplassar og liknande må vera robuste og driftssikre, men det vert som oftast ikkje stilt strenge krav til lydkvalitet. Mikrofonar nytta av journalistar for å intervjua folk kjem i same kategori. I slike samanhengar vert det ofte nytta dynamiske mikrofonar, som i tillegg til å vera robuste ikkje treng matespenning.

Småmikrofonar

Mikrofonar som til dømes vert nytta i telefonar, diktafonar, høyreapparat og alarmar, vert ofte produserte i store seriar og er difor billige. Slike mikrofonar er som oftast små elektretmikronar, dynamiske mikrofonar eller piezomikrofonar. Slike mikrofonar har ikkje like gode data som profesjonelle mikrofonar: eigenstøyen er høgare enn for profesjonelle mikrofonar og frekvensresponsen varierer meir frå eksemplar til eksemplar.

Målemikrofonar

Målemikrofonar er omnidireksjonale kondensatormikrofonar med stor nøyaktigheit. Dei vert nytta for å måla frekvensrespons og direktivitet til høgtalarar, for måling av romakustikk, for akustisk støy i bygningar og utandørs.

Sjå òg

Referansar

  1. E. Geddes, Audio transducers, GeddLee Associates, 2002.
  2. B. Bartlett, Choosing the right microphone by understanding designtradeoffs, Jou. Audio Eng. Soc., bind 35, nr 11, nov. 1987, ss. 924-943.
  3. E.C. Wente, A condenser transmitter as a uniformly sensitive instrument for the absolute measurement of sound intensity, Physical Review, bind X, nr 1, 1. juli 1917, ss. 39-63.
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 J. Eagle, The mocrophone book, Focal Press, 2. utg., 2004.
  5. G.S.K. Wong og T.E.W. Embleton, AIP handbook of condenser microphones - Theory, calibration, and measurementsAIP Press, 1995.
  6. G.M. Sessler og J.E. West, Electret transducers_ A review, Jou. Audio Eng. Soc., bind 53, nr 6, 1973, ss. 1589-1600.

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Mikrofon

Read other articles:

تشونتا أراغونيزيستا   البلد إسبانيا  تاريخ التأسيس 29 يونيو 1986  المقر الرئيسي سرقسطة  الأيديولوجيا إيكولوجيا اشتراكية،  وجمهورياتية،  وفدرالية (توجه سياسي)،  وشعبوية يسارية  الانحياز السياسي يسارية  الموقع الرسمي الموقع الرسمي  تعديل مصدري - تعديل...

 

Logo des Teatro La Fenice Eingang des Teatro La Fenice am Campo San Fantin, 2013 Das Teatro La Fenice (italienisch [te'atro la feˈnitʃe]), mit vollem Namen Gran Teatro La Fenice di Venezia, ist das größte und bekannteste Opernhaus in Venedig. Es liegt im Sestiere San Marco, auf der Insel San Fantin, am Campo San Fantin, gegenüber der gleichnamigen Kirche. Seit 2004 findet hier – in Erinnerung an die Wiedereröffnung nach Brand und Neubau im Jahr 2003 – das Neujahrskonzert von Venedig...

 

Syrien Kapitän Feras Dahbos Aktuelles ITF-Ranking 93 Statistik Erste Teilnahme 1986 Davis-Cup-Teilnahmen 27 Bestes Ergebnis Asien/Ozeanien-Gruppenzone II2R (1988) Ewige Bilanz 48:56 Erfolgreichste Spieler Meiste Siege gesamt Rabi Bouhassoun (34) Meiste Einzelsiege Rabi Bouhassoun (29) Meiste Doppelsiege Majdi Salim (12) Bestes Doppel Majdi Salim / Hayan Maarouf (5) Meiste Teilnahmen Lays Salim (43) Meiste Jahre Lays Salim (11) Letzte Aktualisierung der Infobox: 3. Juni 2012 Die syrische Davi...

جزء من سلسلة مقالات حولالبروتستانتية المفاهيم إصلاح بروتستانتي الصحوة الكبرى التاريخ الثقافة الديموغرافيا معاداة البروتستانتية الفرق الرئيسية سبتيون تجديدية العماد أنجليكية الكنيسة المعمدانية كالفينية لوثرية ميثودية خمسينية حركات مؤيدة الإنجيلية الحركة الكاريزماتي...

 

  إدارة معلومات الطاقة الأمريكية إدارة معلومات الطاقة الأمريكية تفاصيل الوكالة الحكومية البلد الولايات المتحدة  تأسست 1 أكتوبر 1977 المركز النظام الإحصائي الاتحادي للولايات المتحدة الإدارة موقع الويب www.eia.gov تعديل مصدري - تعديل   إدارة معلومات الطاقة الأمريكية (بالإ...

 

Jake Beckley, the all-time leader in career putouts by a first baseman In baseball statistics, a putout (denoted by PO or fly out when appropriate) is given to a defensive player who records an out by tagging a runner with the ball when he is not touching a base (a tagout), catching a batted or thrown ball and tagging a base to put out a batter or runner (a force out), catching a thrown ball and tagging a base to record an out on an appeal play, catching a third strike (a strikeout), catching...

This article is about the British television show. For the Australian show, see What's Up Doc? (Australian TV series). This article needs additional citations for verification. Please help improve this article by adding citations to reliable sources. Unsourced material may be challenged and removed.Find sources: What's Up Doc? British TV series – news · newspapers · books · scholar · JSTOR (September 2022) (Learn how and when to remove this templa...

 

The Right HonourableIsaac FootSecretary for MinesIn office3 September 1931 – 30 September 1932Prime MinisterRamsay MacDonaldPreceded byManny ShinwellSucceeded byErnest BrownMember of Parliamentfor BodminIn office30 May 1929 – 25 October 1935Preceded byGerald HarrisonSucceeded byJohn RathboneIn office24 February 1922 – 9 October 1924Preceded byCharles HansonSucceeded byGerald HarrisonPresident of the Liberal PartyIn office1947–1948LeaderClement DaviesPreceded...

 

Hong Kong Economic and Trade Office, BerlinHong Kong Economic and Trade Office, BerlinChinese nameTraditional Chinese香港駐柏林經濟貿易辦事處Simplified Chinese香港驻柏林经济贸易办事处TranscriptionsStandard MandarinHanyu PinyinXiānggǎng Zhù Bólín Jīngjì Màoyì Bànshì ChùYue: CantoneseJyutpinghoeng1 gong2 zyu3 paak3 lam4 ging1 zai3 mau6 jik6 baan6 si6 cyu3German nameGermanWirtschafts- und Handelsbüro Hongkong, Berlin Hong Kong Economic and Trade Office, ...

This article needs additional citations for verification. Please help improve this article by adding citations to reliable sources. Unsourced material may be challenged and removed.Find sources: Nove TV channel – news · newspapers · books · scholar · JSTOR (May 2017) (Learn how and when to remove this template message) Television channel NoveCountryItalyBroadcast areaItalyProgrammingLanguage(s)ItalianEnglishPicture format1080i HDTV(downscaled to 5...

 

1998 video game This article relies excessively on references to primary sources. Please improve this article by adding secondary or tertiary sources. Find sources: Blood II: The Chosen – news · newspapers · books · scholar · JSTOR (August 2010) (Learn how and when to remove this template message) 1998 video gameBlood II: The ChosenDeveloper(s)Monolith ProductionsPublisher(s)GT InteractiveProducer(s)Karen BurgerDesigner(s)Jay WilsonProgrammer(s)Greg Ke...

 

2000 greatest hits album by Waylon Jennings20th Century Masters – The Millennium Collection: The Best of Waylon JenningsGreatest hits album by Waylon JenningsReleasedMay 9, 2000GenreCountryoutlaw countryLength34:20LabelMCA NashvilleProducerVariousWaylon Jennings chronology Closing in on the Fire(1998) 20th Century Masters – The Millennium Collection: The Best of Waylon Jennings(2000) Never Say Die: Live(2000) 20th Century Masters – The Millennium Collection: The Best o...

City in Washington, United States City in Washington, United StatesMossyrockCityLocation of Mossyrock, WashingtonCoordinates: 46°31′47″N 122°29′3″W / 46.52972°N 122.48417°W / 46.52972; -122.48417[1]CountryUnited StatesStateWashingtonCountyLewisArea[2] • Total0.69 sq mi (1.78 km2) • Land0.69 sq mi (1.78 km2) • Water0.00 sq mi (0.00 km2)Elevation656 ft (200&#...

 

1960 studio album by Wes MontgomeryThe Wes Montgomery TrioStudio album by Wes MontgomeryReleasedMarch 1960[1]RecordedOctober 5–6, 1959StudioReeves Sound Studios, New York CityGenreJazzLength48:33LabelRiversideProducerOrrin KeepnewsWes Montgomery chronology Far Wes(1959) The Wes Montgomery Trio(1960) The Incredible Jazz Guitar of Wes Montgomery(1960) The Wes Montgomery Trio (a.k.a. A Dynamic New Sound) is an album by the American jazz guitarist Wes Montgomery, released in 196...

 

42°45′38″N 087°48′55″W / 42.76056°N 87.81528°W / 42.76056; -87.81528 AirportJohn H. Batten AirportBatten International AirportIATA: RACICAO: KRACFAA LID: RACSummaryAirport typePublicOwnerRacine Commercial Airport Corp.ServesRacine, WisconsinElevation AMSL674 ft / 205 mWebsitewww.BattenAirport.aeroMapRACLocation of airport in WisconsinShow map of WisconsinRACRAC (the United States)Show map of the United StatesRunways Direction Length Surface f...

يو-475 الجنسية  ألمانيا النازية الشركة الصانعة شيتشاو-فيرك[1][2][3][4]  المالك  كريغسمارينه المشغل كريغسمارينه (20 يونيو 1942–)[2][3][4]  المشغلون الحاليون وسيط property غير متوفر. المشغلون السابقون وسيط property غير متوفر. التكلفة وسيط property غير متوفر. م...

 

Television channel DiscoveryCountryNetherlandsBroadcast areaNetherlandsNetworkDiscovery BeneluxProgrammingLanguage(s)DutchPicture format1080i HDTV(downscaled to 16:9 576i for the SDTV feed)OwnershipOwnerWarner Bros. DiscoverySister channelsAnimal PlanetDiscovery ScienceEurosport 1Eurosport 2Investigation DiscoveryTLCHistoryLaunched1 April 1989; 34 years ago (1989-04-01) (European feed)12 April 2003; 20 years ago (2003-04-12) (Localized Dutch feed)ReplacedDi...

 

AlcantaraMunisipalitasPeta menunjukkan lokasi Alcantara, RomblonNegara FilipinaProvinsiRomblon Alcantara adalah munisipalitas yang terletak di provinsi Romblon, Filipina. Pada tahun 2010, munisipalitas ini memiliki populasi sebesar 15.723 jiwa dan 3.229 rumah tangga. Pembagian wilayah Secara administratif Alcantara terbagi menjadi 12 barangay, yaitu: Bonlao Calagonsao Camili Comod-om Madalag Poblacion San Isidro Tugdan Bagsik Gui-ob Lawan San Roque Pranala luar Municipality of Alcantara - Off...

Биччи ди Лоренцо Мадонна с Младенцем, святым Иаковом Младшим, Иоанном Крестителем и ангелами. Около 1430 года итал.  Madonna col Bambino e Santi Giacomo Minore, Giovanni Battista e angeli Дерево (тополь), темпера. 85 × 49 (с рамой 121 × 58) см Государственный Эрмитаж, Санкт-Петербург (инв. ГЭ-8463) «Ма...

 

Cet article dresse la liste des commentateurs du Tour de France en France, sur France Télévisions depuis 1959 et sur Eurosport depuis 1993. Les dates clés de la télévision sur le Tour 1952 : première dans le journal télévisé C’est sous la houlette de Pierre Sabbagh, l’inventeur du journal télévisé, qu’une première équipe de la télévision fait ses premiers pas sur le Tour de France à l’occasion de sa trente-neuvième édition. Juché sur une moto, le cinéaste de ...

 

Strategi Solo vs Squad di Free Fire: Cara Menang Mudah!