Ma'ale Rehav'am (hebraisk skrift מַעֲלֶה רְחַבְעָם) er ein israelsk busetjingsutpost på den okkuperte Vestbreidda, sør for Betlehem og nordaust for Hebron nordaust i Judeafjella og aust i Etzion-blokka. Han høyrer til busetjinga Nokdim og er underlagt Gush Etzion regionale kommune.[1]
Med støtte frå Amana, vart Ma'ale Rehav'am grunnlagd i 2001 etter attentatet mot Rehavam Zeevi, som han er kalla opp etter, som var ein ivrig støttespelar for busetjingar i dei okkuperte territoria.
Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.[2]
Kjelder
Bakgrunnsstoff