Attentat (frå latinattentatum, 'forsøk på [brotsverk]') er eit planlagt, forsøkt eller utført åtak på person/ar, som regel nytta om offentlege personar. I og med at ordet attentat ordrett handlar om forsøket, er det strengt tatt unødvendig å omtale mislykka drapsforsøk som «attentatforsøk».
Det er dermed heilt korrekt å seie at Adolf Hitler vart utsett for ei rekke attentat, sjølv om ingen av dei enda med at han vart drepen. Det er også strengt tatt meir presist å omtale det som skjedde med president John F. Kennedy som drapet på president K. enn å kalle det for attentatet mot han, sidan uttrykket attentat i seg sjølv ikkje fortel noko om utfallet av attentatet.
Eit vellukka attentat vert nokre gonger kalla for snikmord.[treng kjelde] Eit snikmord utført med skytevåpen blir nokre gonger kalla snikskyting,[1] men treng ikkje nødvendigvis å vere eit døme på skarpskyting.
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon.
Du kan forbetra denne artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningene/påstandene som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden. Malen blei sett inn 2020