Loire er den lengste elva i Frankrike med ei lengd like over 1 000 km og eit tilsigsområde på 117 000 km², meir enn ein femtedel av Frankrike. Den sentrale delen av Loiredalen vart ein del av verdsarvlista til UNESCO2. desember2000.
Etymologi
Namnet «Loire» kjem frå det latinske ordet Liger, som igjen er ein transkripsjon av det galliske (keltisk) namnet på elva. Det galliske namnet på elva kjem av det galliske ordet liga, som tyder «silt, sediment, slam», og som har gjeve det franske ordet lie (botnfall i vin). Liga kjem av den urindoeuropeiske rota *legh-, som tyder «å liggje» (som òg er opphavet til dette norske ordet).
I fransk er adjektivet som kjem frå elva ligérien, som i le climat ligérien («klimaet i Loiredalen»), som vert rekna som det mest behagelege i Nord-Frankrike med varmare vintrar og ikkje alt for heite somrar.
I motsetnad til mange andre elvar i Vest-Europa er det svært få demningar og sluser i Loire (Villeres-demninga som vart bygd i 1985 eit par kilometer sør for Roanne, har spelt ei nøkkelrolle i å hindre flaum). På grunn av dette er Loire ei svært populær elv for båtturar, der ho renn gjennom dei frodige landbruksområda, og forbi kalksteinsklipper og eventyraktige slott.