UNESCO verker innan felta utdanning, naturvitskap, sosial- og humanistiske vitskapar, kultur, kommunikasjon og informasjon. Organisasjonen arbeider for fred blant anna gjennom samarbeid, kommunikasjon og utveksling av idear mellom sine 190 medlemsland.
190 land har etablert nasjonale kommisjonar som inneheld representantar frå undervisning, vitskap og kultursamfunn.
Omtrent 100 konsultative komitear, internasjonale kommisjonar og overnasjonale kontor har blitt oppretta for utføre spesielle oppgåver eller for refleksjonsformål.
6 000 UNESCO-klubbar, foreiningar eller sentre sett fram organisasjonen sine ideal og handlar på grasrotnivå.
6 700 utvalde skolar hjelper unge menneske å forme haldningar av toleranse og internasjonal forståing.
330 ikkje-statlege organisasjonar opprettheld «offisielle» relasjonar med UNESCO. Mange andre samarbeider på tilfeldig basis med ulike sektorar.
Ei gruppe på 40 kjendisar – «goodwill»-ambassadørar – har gått med på å nytte sine talent og status for å hjelpe verda å fokusere på UNESCO sitt arbeid.
Over 300 foretak og organisasjonar i forretningssamfunn, nye partnarar som er forbundi til måla av varig haldbar menneskeleg utvikling og sosialt ansvar, samarbeider med UNESCO over hele verda.