Loiret er ei 12 km lang elv i Frankrike, og ei av sideelvane til Loire frå venstre. Ho får vatn frå infiltrasjon frå Loire.
Elva ligg i departementet Loiret, som har fått namnet sitt frå elva.
Loiret, sør for Orléans, er ein populær stad for gå- og båtturar med biletskjønne vasskverner langs breidda. Ho har sitt utspring i Orléans-la-Source, og munnar ut i Loire ved Saint-Hilaire-Saint-Mesmin, sørvest for Orléans.
Bakgrunnsstoff