Etter krigsutbrotet 9. april flykta Kong Haakon VII, regjeringa og stortingsrepresentantane frå Oslo. Om kvelden 9. april heldt Stortinget sitt siste møte på fem år på Elverum folkehøgskule. Elverumsfullmakta blei vedteken, og gav regjeringa myndigheit til å gjere alle vedtak medan krigen pågjekk, og så lenge Stortinget ikkje kunne møtast. På Elverum blei det også etablert ei samlingsregjering med tre konsultative statsrådar frå dei øvrige partia. Endeleg blei det utnemnd ein forhandlingsdelegasjon på tre personar som saman med utanriksministerKoht eventuelt skulle etablere kontakt med tyske myndigheiter.[2][3]
Omkring 100 tyske soldatar var sende mot Elverum for å ta kongen og regjeringa til fange. Dei tyske soldatane møtte liten motstand på vegen over Romerike og mot Hamar, men blei natt til 10. april rundt klokka 03:00 stogga av ein liten norsk styrke ved Midtskogen (seinare kjend som trefninga på Midtskogen) rett vest for Elverum. Dei tyske soldatane trekte seg tilbake og returnerte til Oslo. Kongen og regjeringa flykta vidare til Nybergsund.[4][5]
Den tyske diktatoren Adolf Hitler hadde gjeve ordre om at sendemannen Curt Bräuer (den tyske ambassadøren) skulle samtale med kongen åleine, men kongen ville ha utanriksminister Halvdan Koht med dersom vesentlege spørsmål skulle bli drøfta. Koht blei att på Elverum for å møte Bräuer. Kongen returnerte til Elverum der han, Koht og tre stortingsrepresentantar møtte Bräuer 10. april i folkehøgskulebygget. Kongen møtte fyrst Bräuer åleine, deretter hadde Bräuer møte med Koht og kongen saman, og til slutt dei tre stortingsrepresentantene. Bräuer hadde allereie møtt Koht om morgonen 9. april like etter at invasjonen var i gang. Den 10. april var kravet frå Bräuer framleis at dei måtte overgje seg og dessutan at kongen måtte utnemne Quisling til statsminister.[6][7][8][9]
Kravet frå Bräuer blei behandla i statsråd i Nybergsund. Regjeringa vedtok etter sterke tilrådingar frå kong Haakon om å på nytt avvise det tyske ultimatumet, medrekna kravet om å utnemne ei regjering leia av Vidkun Quisling. Det tyske kravet blei avvist utan dissens. Kongens appell til regjeringa var sterkt kjensleladd og han truga med å abdisere om regjeringa gjekk med på dei tyske krava.[7][8] Denne episoden blir omtala som «Kongens nei» eller «Kongens første nei».[10]
Tyske fly bomba Elverum og Terningmoen midt på dagen 11. april. Tettstaden vart øydelagd og 35 personar mista livet. Det er uklart om åtaket var ein hemnaksjon for kongens nei eller om det var militærstrategisk motivert for å sikre sambandet Oslo-Trondheim gjennom Østerdalen. Elverum hadde militær forlegning som kunne ta imot mobiliserte soldatar til kamp mot invasjonsstyrken.[11][12] Folkehøgskulen blei ikkje øydelagd under bombinga.[9]
Dokumentet
Dokumentet som syner kongens fyrste nei er på berre ei side, og underteikna av kong Haakon, statsminister Johan Nygaardsvold og statsrådssekretær Bredo Rolsted. Det blei med regjeringa til Storbritannia under krigen og kom tilbake som ein del av arkiva til regjeringa i 1945. Det blei limt til omslaget i ryggen i statsrådsprotokollen, men ligg no laust etter slitasje. Det blei då brukt som bevismateriale med dokumentnummer 1 under rettssaka mot Quisling, og er difor ikkje bunde inn saman med andre kongelege resolusjonar. I samband med rettssaka ble det påført enkelte merke med raud tusj. Dokumentet blei returnert og overlevert Riksarkivet i 1949. Riksarkivet eig dokumentet i dag, og det er fritt tilgjengeleg.[13][14]