Elverum folkehøgskule var etablert i 1928 av Helge Væringsaasen. Skuleanlegget er bygd i tradisjonell østerdalsstil og ligg idyllisk til mellom Glomma og Sagtjernet, i gangavstand til Elverum sentrum. På skuleområdet er det eigen terrengpark for snowboard/ski, fotballbane, sandvolleyballbane. I nærleiken er store grøntareal. Ein kan bade og fiske ved Sagtjernet og Glomma. I sommarhalvåret blir det arrangert ulike kurs på skulen og utleige av rom.
Andre verdskrigen
9. april1940 oppheldt Stortinget, Haakon VII og regjeringa Nygaardsvold seg på skulen. Her vart Elverumsfullmakta forma ut, og kong Haakon sa nei til å samarbeide med dei tyske invasjonsstyrkane og nei til å sette inn Vidkun Quisling som statsminister.