Kjempeslekta (Plantago) er ei slekt i kjempefamilien.
Slekta omfattar 265 artar.
Medlemane har tette grågrøne aks med små tokjønna blomstrar. Dei har røyrforma krone med fire kvite eller lysbrune utbrette flikar.
Dei veks for det meste som urter med blada i rosett, og sjeldnare som buskar. Kjemper har små, lite prangande blomar som sit i tette aks eller hovud.[1]
Bruk
Stenglane av kjempe er blitt brukt til ein leik der ein kjemper om å slå akset av stengelen til den andre deltakaren. Leiken har gjeve opphav til plantenamnet.[1]
Groblad er blitt brukt i folkemedisin som omslag på sår. Planten er også blitt brukt mot bronkitt, luftvegskatarr og blærelidingar.[2]
Artar
Takson i Noreg
Fire artar i kjempeslekta er opphavleg viltveksande i Noreg: groblad, dunkjempe, smalkjempe og strandkjempe. Det gjeld truleg òg flikkjempe, med ein funnstad ved Larvik, men han er òg komen inn med ballast. Nokre få andre artar er òg innførte med ballast eller som ugras, og er funne tilfeldig nokre få stader.[1][3][4]
- Groblad (P. major), livskraftig (LC), med underartane
- Dunkjempe (P. media), livskraftig (LC)
- Smalkjempe (P. lanceolata), livskraftig (LC)
- Strandkjempe (P. maritima), livskraftig (LC), med underartane
- Flikkjempe (P. coronopus), sterkt truga (EN) i Raudlista 2021,[5] før rekna som framandart[6]
- Greinkjempe (P. indica), framandart, ikkje risikovurdert (NR)
Nokre artar har vore funne historisk eller med einskildfunn:[7]
Kjelder