Greinkjempe (Plantago indica, tidlegare P. arenaria) er ein eittårig plante i kjempeslekta.[1]
Planten finst på opne vekstsader med sandhaldig grunn. Han er mellom annan funnen på avfallsplassar.[2]
Greinkjempe blir som regel 20-30 cm høg.[1]
Stenglane er dekte med korte hår og kan greina seg. Blada er motsette.[3]
Planten veks opphavleg i Nord-Afrika, Europa og Sørvest-Asia aust til Iran og Tian Shan.[1]
Han er også funnen fleire stader forvilla eller spreidd som ugras.[2] I Noreg er han ein framandart som er komen inn med ballast. Han er funne spreidde stader på Austlandet.[4]
Frøa er blitt brukt i urtemedisin.[5]
Det kan brukast som loppefrø både som helsekost og i hestefôr.[6] Planten er også brukt til fuglemat.[3]
Kjelder