Körös (på ungarsk) eller Criş (på rumensk) er ei elv aust i Ungarn. Ho vert danna der elvane Crişul Alb (ungarsk Fehér-Körös) og Crişul Negru (ungarsk Fekete-Körös) renn saman nær Gyula (rumensk Ghiula). Crişul Repede (ungarsk Sebes-Körös) munnar ut i Körös nær Gyoma. Alle desse tre elvane har utspring i Apusenifjella i Romania. Körös munnar ut i Tisza nær Csongrád.
Området rundt elva nyttar henne til kunstig vatning og blir nytta til dyrking av ris, mais og kveite.[1]
I antikken vart elva kalla Crisus, Crisia, Grisia eller Gerasus, medan eit eldre tysk namn på elva er Kreisch.
Kjelder