Crişul Negru (på rumensk) eller Fekete-Körös (på ungarsk) er ei elv vest i Romania og søraust i Ungarn.
Ho har utspring vest i Apusenifjella og renn gjennom byane Ştei og Beiuş i Romania. Ei av sideelvane hennar er den vesle Roşia. Ho kryssar grensa til Ungarn og endrar namn til Fekete-Körös, her møter ho Fehér-Körös eit par kilometer nord for Gyula og i lag dannar dei elva Körös.
Kjelde