Henri Namphy (fødd 11. februar 1932 i Cap-Haïtien i Haiti) var president i Haiti frå 6. februar 1986 til 7. februar 1988, og frå 20. juni til 17. september 1988.
Namphy var general, og vart interimpresident då regimet til Jean-Claude Duvalier fall i 1986, og fram til eit strengt militærkontrollert val, der Leslie Manigat vann, vart halde i februar 1988. Berre fire månader etter tok Namphy makta att, men vart avsett i september 1988 ved eit kupp som førte general Prosper Avril til makta.
Kjelder