Leslie François Manigat (fødd 16. august 1930 i Port-au-Prince) var president i Haiti mellom 7. februar og 20. juni 1988. Han vart president etter eit strengt militærkontrollert val i januar 1988.
Ifølgje Conseil Electoral Provisoire (CEP) i Haiti, vann han over ti andre kandidatar med 50,29 % av stemmene, men valoppslutnaden var godt under 10 %. Valet vert generelt rekna som udemokratisk av historikarar og valkontrollørar. He vart innsett i februar 1988, men allereie i juni same året vart han avsett av Henri Namphy. Han stilte igjen som presidentkandidat i valet i februar 2006, men fekk berre 12,40 % av stemmene, og kom dermed på andreplass, etter René Préval.
Kjelder