Gunn Olsen (fødd 18. september1952 i Kragerø, død 27. desember2013) var ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Ho var vararepresentant til Stortinget i perioden 1993–1997, og sat som fast stortingsrepresentant frå Telemark frå 1997. Olsen vart attvald i 2009, men tidleg i perioden måtte ho trekkje seg fordi ho var vorten alvorleg sjuk. Ho døydde av kreft 61 år gamal i 2013.[1][2][3]
Gunn Olsen gjekk ut av Kragerø Handelsskole i 1969, og arbeidde deretter som kontorfullmektig i 21 år, fram til 1990. Ho hadde styreverv i mellom anna Kragerø Elektrisitetsverk og Sannidal og Skåtøy Sparebank. Olsen hadde ei lang lokalpolitisk forankring, ho var medlem av fylkestinget frå 1983 og var fylkesvaraordførar i Telemark i åra 1990–1995.