Thor Lillehovde (fødd 3. april1948 i Ringsaker) er ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Han er industriarbeidar av yrke, og var ordførar i Ringsaker kommune frå 1991 til 2007. Frå 1. oktober 2009 har han møtt fast på Stortinget som vararepresentant for Knut Storberget. Lillehovde er medlem av Stortingets justiskomité. Han har 26 års bakgrunn frå mekanisk industri og som medlem av fagforeininga Jern og Metall.