Han var fast møtande vararepresentant på Stortinget for Kristin Halvorsen etter at Heidi Sørensen, som første vararepresentant, blei statssekretær i oktober 2007.
Frå mars 2012 var han vararepresentant for Heikki Holmås etter at Holmås blei utnemnd til utviklingsminister. Han var også vararepresentant i perioden 2001-2005.
8. oktober 2009 vart Chaudry vald til 4. visepresident i Stortinget, som den første med minoritetsbakgrunn.[1]
Chaudhry vart fødd i Lahore i Pakistan og flytta til Noreg i 1982. Han er blitt rangert som ein av landets ti mest innverknadsrike innvandrarar.[2]
Han var medlem av Oslo bystyre 1999-2007, og varamedlem 1995-99. Han har vore tilsett i Pakistan Norwegian Welfare Organization, tillitsvald i Sporveisbussens fagforening, fylkessekretær i Oslo SV, og sentralstyremedlem i SV.