Bowie spelte seinare inn to versjonar av songen sjølv under innspelinga av Never Let Me Down, ein med vokal på engelsk og ein annan med vokal på japansk. Begge versjonane kom ut som B-sider til forskjellige versjonar av singelen «Time Will Crawl» i 1987.
Andre utgåver
Ein konsertversjon av Tina Turner vart gjeven ut på albumet Tina Live in Europe i 1988.
Ein «extended edit» av Bowie sin engelskspråklege versjon kom ut som bonusspor i 1995 på Virgin Records-utgåva av Never Let Me Down.
Andre sine versjonar
Kill the Audience – The Dark Side of David Bowie: A Tribute to David Bowie (1997)