Acid Queen

Denne artikkelen handlar om Tina Turner-albumet. For The Who-songen, som albumet er kalla opp etter, sjå The Acid Queen.
Acid Queen
Studioalbum av Tina Turner
Språk engelsk
Utgjeve August 1975
Innspelt 1975
Sjanger Pop, R&B, rock, soul
Lengd 35:29
Selskap United Artists, EMI
Produsent Denny Diante, Spencer Proffer, Ike Turner
Tina Turner-kronologi 
Tina Turns the Country On!
(1974)
Acid Queen Rough
(1978)
Singlar frå Acid Queen
  1. «Baby Get It On»
    Utgjeve: 1975
  2. «Whole Lotta Love»
    Utgjeve: 1976
  3. «Acid Queen»
    Utgjeve: 1976
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 stars[1]
Robert ChristgauB[2]

Acid Queen er det andre studioalbumet til Tina Turner, gjeve ut i 1975 på EMI i Storbritannia og United Artists i USA. Sjølv om det er eit soloalbum av Tina Turner, var den første singelen frå albumet, «Baby Get It On», ein duett med Ike Turner, som var den musikalske partneren og ektemannen til Tina Turner på den tida. Det vart det siste studioalbumet ho gav ut før ho forlet Ike Turner og the Ike & Tina Turner Revue.

Oversyn

Acid Queen har henta tittelen frå rolla til Tina Turner i Ken Russell sin filmversjon av den klassiske rockeoperaen til The Who, Tommy, der òg Elton John, Eric Clapton, Jack Nicholson, Ann-Margret og Roger Daltrey spelte.

Side A av den originale vinylplata består av coverversjonar av rockelåtar. Utanom ei nyinnspeling av tittelsporet, inneheld han Rolling Stones sine «Under My Thumb» og «Let's Spend the Night Together», The Who sin «I Can See For Miles» og Led Zeppelin sin «Whole Lotta Love». Side B var skriven og hovudsakleg produsert av Ike og Tina Turner, og inneheld den siste middels suksessrike R&B-singelen for Ike & Tina Turner, den disco-aktige «Baby Get It On» (US #88, R&B #31). Andre singlar frå albumet var «Whole Lotta Love» (#61 R&B) og «Acid Queen», som kom ut tidleg i 1976.

Acid Queen-albumet er gjeve ut på både vinyl og CD med forskjellige omslag av både EMI Music og den nederlandske etiketten Disky Communications. Den første utgjevinga av albumet på CD inneheld tre bonusspor henta frå Ike & Tina Turner-albuma The Hunter og Outta Season.

Innhald

Side A
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Under My Thumb»Mick Jagger, Keith Richards3:22
2.«Let's Spend the Night Together»Mick Jagger, Keith Richards2:54
3.«Acid Queen»Pete Townshend3:01
4.«I Can See for Miles»Pete Townshend2:53
5.«Whole Lotta Love»John Bonham, Willie Dixon, John Paul Jones, Jimmy Page, Robert Plant5:24
Side B
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Baby Get It On» (Ike & Tina Turner)Ike Turner, Tina Turner5:34
7.«Bootsy Whitelaw»Ike Turner, Tina Turner5:06
8.«Pick Me Tonight»Ike Turner, Tina Turner3:13
9.«Rockin' and Rollin'»Ike Turner, Tina Turner4:02
Bonusspor på CD-utgåve frå 1991
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
10.«I Know» (Ike & Tina Turner)Barbara George3:22
11.«Crazy 'Bout You Baby» (Ike & Tina Turner)Sonny Boy Williamson II3:26
12.«I've Been Loving You Too Long» (Ike & Tina Turner)Otis Redding, Jerry Butler3:55

Medverkande

Produksjon

  • Spor A1-A5 produsert av Denny Diante & Spencer Proffer
  • Innspeling og miksing: Ron Malo
  • Arrangert av Denny Diante, Spencer Proffer, Jeffrey Marmelzat & Jimmie Haskell
  • Strykarar og blåsarar arrangerte av Jimmie Haskell
  • Spor B1 produsert av Denny Diante, Spencer Proffer & Ike Turner
  • Arrangert av Ike Turner, Denny Diante, Spencer Proffer, Jeffrey Marmelzat & Jimmie Haskell
  • Orkestrert Jimmie Haskell
  • Spor B2-B4 produsert av Denny Diante, Spencer Proffer & Ike Turner
  • Arrangert av Denny Diante, Spencer Proffer, Jeffrey Marmelzat & Ike Turner
  • Innspeling og miksing av Ron Malo
  • Orkestrering av Jimmie Haskell

Kjelder

  1. Allmusic review
  2. Christgau, Robert (1975). «Consumer Guide». The Village Voice (New York). Henta 12. april 2016. 

Strategi Solo vs Squad di Free Fire: Cara Menang Mudah!