«Maggie's Farm» / «Bus Stop» (live countryversjon)
«Tin Machine» er ein song som bandet Tin Machine tok namnet sitt frå,[1] eit spor frå debutalbumet deira, som òg har same namn. Han vart gjeven ut på singel i september 1989 som ei dobbel A-side i lag med eit konsertopptak av Bob Dylan-songen «Maggie's Farm».[2][3]
I følgje Reeves Gabrels var det Sales-brørne som foreslo å kalle opp bandet etter denne songen. Dei meinte «det er som å ha sin eigen temasong».[1]
«Maggie’s Farm» og dei andre konsertopptaka vart spelte inn på konserten til bandet på La Cigale i Paris den 25. juni 1989. Begge songane hadde musikkvideoar – «Tin Machine» hadde eit klipp frå videoen til Julien Temple som ei liksom-framsyning der fansen stormar scenen,[4] som gjer at Bowie blør naseblod. «Maggie’s Farm» vart spelt inn live. Den doble A-sida nådde 48. plassen på den britiske singellista.
Konsertversjonen av «Bus Stop» (òg gjeven ut som countryversjonen) kom sidan ut som bonusspor på Virgin Records-utgåva av Tin Machine frå 1995.
7"-versjonen
12"-versjonen
CD-versjonen
Produsentar
Musikarar
Andre medverkande