I følgje seinare sertifiseringar hos Recording Industry Association of America, har Elvis' Christmas Album selt minst 13 millionar eksemplar i USA (tre millionar av originalutgåva frå 1957 og ti millionar av «billigutgåva» som først kom ut på RCA Camden i 1970 og så på Pickwick Records i 1975).[5] Det er det første Presley-albumet som selde til diamantplate i USA og det bestseljande julealbumet gjennom tidene i USA. Albumet har selt 15 millionar eksemplar verda over.[6]
Elvis hadde bede Leiber og Stoller om å skrive ein julesong til han, og i løpet av få minutt hadde dei skrive ein song klar for innspelinga. Han heitte opphavleg «Christmas Blues», og er ein slu og vågal song der Elvis gjev alt i vokalen og han og bandet var fast bestemt på at dette julealbumet skulle leggast merke til.[8] Det meste av resten av albumet vart framført på meir tradisjonelt vis som høvde den høgtidlege julestemninga.
«Silent Night» og «O Little Town of Bethlehem» vart arrangert av Elvis Presley sjølv.
Bing Crosby-songen «White Christmas», som gjekk inn på Billboard-lista kvart år frå 1942 til 1962, vart senteret i ein kontrovers då albumet kom ut, då låtskrivaren Irving Berlin bad om å få songen og heile albumet bannlyst frå radio.[9] Etter å ha høyrt Presley sin versjon av songen, som Berlin såg på som ein «spottande parodi av hans nære julesong», fekk han sine tilsette i New York til å ringe radiostasjonar over heile USA og kravde at versjonen ikkje vart spelt meir på radio. Dei fleste stasjonane ignorerte dette, men minst ein programleiar fekk sparken for å ha spelt ein song frå albumet, og dei fleste kanadiske stasjonane nekta å spele albumet.[10]
Kontroversen kom ironisk nok av at Elvis spelte songen på liknande vis som versjonen til Clyde McPhatter si gruppe, The Drifters, som hadde vore ein Topp 10-hit på R&B-lista i 1954 og 1955. I motsetnad til Elvis-versjonen var det ingen reaksjonar mot versjonen deira, og i alle fall ikkje frå Irving Berlin. Dette kom delvis av at The Drifters-versjonen av «White Christmas» var mindre kontroversiell sidan han berre vart spelt på svarte radiostasjonar. Elvis Presley-versjonen gjorde at The Drifters-versjonen fekk større merksemd, og han vart mellom anna nytta i filmen Hjemme alene i 1990.
Den originale innpakkinga
Den originale utgåva 1957 av Elvis' Christmas Album kom med eit lite raudt hefte med bilete frå den tredje filmen til Elvis, Jailhouse Rock. Enno sjeldnare enn omslaget og sjølve plata er ein gullfarga prislappforma «gåvelapp» som var klistra på omslaget og sa «TO __________, FROM _____________, ELVIS SINGS», etterfølgd av spelelista. Originale kopiar med dette gullmerke på er blant dei mest verdifulle Elvis-albuma i dag blant samlarar. I tillegg fanst det avgrensa versjonar i raud vinyl.
Utgjevingar
Den andre nye songen på albumet, «Santa, Bring My Baby Back to Me» vart gjeven ut med «Santa Claus Is Back In Town», og kom ut i Storbritannia med albumet. Singelen nådde sjuandeplassen på UK Singles Chart i november 1957.[11]
Det vart ikkje gjeve ut singlar frå albumet i USA før i 1964, då «Blue Christmas» kom ut i lag med «Wooden Heart», og nådde toppen av Billboard Christmas Singles-lista. Ein singel med «Blue Christmas» og «White Christmas» vart ein hit i Storbritannia seint i 1964. «Santa Claus Is Back In Town»/«Blue Christmas» vart gjeven ut på singel i 1965 for den amerikanske marknaden og nådde fjerdeplassen på Billboard Christmas-lista. «Blue Christmas» gjekk inn att på Julelista mange gonger i åra som følgde.[12]
To forskjellige EP-ar, Elvis Sings Christmas Songs, i desember 1957, og Christmas with Elvis, i desember 1958, inneheldt dei åtte julesongane. Det første toppa den nyoppretta Billboard EP-lista, medan den sistnemnde ikkje gjekk inn på lista.
Nyutgåver
Elvis' Christmas Album kom ut på nytt to år etter originalutgåva, og erstatta det ikoniske omslaget på originalen med eit nærbilete av Elvis ute i snøen. Albumet fortsette å gå inn på albumlista fram til 1962, då det hadde selt meir enn tre millionar eksemplar i USA.
Den originale Elvis' Christmas Album gjekk ut av opplag seint i 1960-åra. Interessa i albumet fekk RCA til å trykke ei ny utgåve på billigetiketten RCA Camden i november 1970. Denne versjonen kom utan dei fire gospelsongane frå Peace in the Valley EP-en og la til julesingelen «If Every Day Was Like Christmas», frå jula 1966, i lag me B-sida «Mama Liked the Roses» frå 1970, som ikkje var ein julesong. Desse to sistnemnde songane var ikkje gjevne ut på album før. Med ti spor og ei kortare speletid passa det inn i standarden for ei billigutgåve. Dei religiøse og sekulære julesongane var òg blanda. Det første omslaget av denne utgåva likna omslaget frå 1958, men bestod av eit nyare fotografi av Elvis frå midten av 1960-åra med ein blå jakke med to striper som vart nytta i filmen Speedway.
I midten av 1970-åra leigde RCA ut rettane til Camden-albuma til det nye selskapet Pickwick Records, som gav ut albumet i 1975 med nok eit nytt omslag. Før og under juletida etter Presley døydde i 1977, reklamerte Pickwick for albumet og selde det på fjernsyn via postordre til enorme sal. RCA tok raskt attende rettane til Camden-albuma og samlinga vart gjeven ut på nytt som ei RCA Special Products i 1986. Det nye albumet nytta omslaget til Pickwick, men logoen til RCA og var i trykk til seint i 1980-åra, då det kom på CD. Sporlista var uendra etter RCA Camden-utgåva frå 1970.
↑Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 892. ISBN1-57859-061-2.