Robert Gene «Red» West (8. mars 1936–18. juli 2017) var ein amerikansk skodespelar, stuntmann og låskrivar.[1] Han var kjend for å vera ein nær venn og livvakt for rock and roll-songaren Elvis Presley. Etter å ha fått sparken var West med på å skriva den kontroversielle Elvis: What Happened?, der han fortalde om den farlege pilleavhengnaden til Presley.[2]
West var truleg best kjend for eit amerikansk filmpublikum for rolla som Red i Road House, der han spelte i lag med Patrick Swayze. West fekk også gode meldingar for rolla som William i filmen Goodbye Solo frå 2008.
Bakgrunn og familie
West var fødd i Memphis i Tennessee som son av Lois og Newton Thomas West.[3] Han var syskenbarn av skodespelaren Sonny West.[4] Medan dei var elevar ved high school i Tennessee møtte West og Sonny Elvis Presley.[5]
West var ein dyktig idrettusøvar og var med i marinen. Han spelte amerikansk fotball for high school og junior college ved Jones County Junior College,og boksa i Golden Gloves-meisterskapa.[6]
West gifta seg i 1961 med Pat Boyd.[5] Dei fekk to barn saman.[6]
West og Presley
West samarbeidde med Elvis Presley om fleire songar i 1961 og 1962,[6] mellom anna «That's Someone You Never Forget» og «You'll Be Gone».[7]
«That's Someone You Never Forget» er det siste sport på albumet Pot Luck frå 1962. «You'll Be Gone» er eit bonusspor på lydspor-LP-en til Girl Happy. West skreiv «If You Think I Don't Need You» saman med Joey Cooper til filmen Viva Las Vegas.[7] Han samarbeidde med Joey Cooper igjen om «I'm A Fool», som Ricky Nelson spelte inn,[8] og som seinare blei ein hitt for Dino, Desi and Billy (eit samarbeid mellom Dean-Paul «Dino» Martin, Desi Arnaz Jr. og William «Billy» Hinsche).[8]
West skreiv songen «Separate Ways» saman med Richard Mainegra for Elvis i 1972,[9] og «If You Talk in Your Sleep» med Johnny Christopher for Presley sitt album Promised Land frå 1975.[10] Red skreiv også «If Every Day Was Like Christmas», som blei spelt inn av Presley i 1966.
I tillegg til å skriva for Elvis, fekk Red også songane sine spelte inn av Pat Boone, Rick Nelson, Johnny Burnette, Johnny Rivers, Dino, Desi & Billy, Petula Clark, Gary Puckett & The Union Gap, Andre Kostelanetz and His Orchestra, Little Milton og andre.
I 1976 fekk West kritikk i media for å ha vore involver i ei rekkje samanstøyt med aggressive fans i Las Vegas.[6] Han hadde også byrja å snakka om at Presley trengte hjelp for avhengnade sin. Faren til Elvis, Vernon Presley, mislikte folka rundt Elvis, og fekk West, fetteren hans Sonny og livvakta David Hebler sparka.[4]
Dei tre skreiv så boka Elvis: What Happened?, som ifølgje dei var eit forsøk på å åtvara og få hjelp for Elvis. Dei blei skulda for å først og fremst prøva å tena pengar, men då Elvis døydde få veker etter utgjevinga, viste det seg at mange av påstandane i boka var sanne.[9] Presley hadde tilbode utgjevaren 1 000 000 dollar for å stoppa boka.[2]
Skodespelarkarriere
Då Presley laga filmar på 1960-talet i Hollywood, hadde Red West mindre roller i seksten av filmane hans.[11] I løpet av denne perioden blei West gode venner med skodespelaren Nick Adams, og dei fysiske talenta hans gjorde at han fekk jobb som stuntmann i Adams sin fjernsynserie The Rebel.[3] Deretter gjorde West meir stuntarbeid i filmar i tillegg til å vera skodespelar i fleire filmar og på fjernsyn. Han spelte ofte skurk i fjernsynsserien The Wild Wild West.[12]
West spelte hovudrolla i indie-filmen Goodbye Solo frå 2008 som William, ein gammal, deprimert man som blir ven med ein mann frå Senegal i Winston-Salem i Nord-Carolina. Filmen fekk positive meldingar, og Roger Ebert skreiv at «West isn't playing himself, but he evokes his character so fully that he might as well be. West's face is a map of hard living.»
Den siste filmrolla hans var i Safe Haven frå 2013 der han spelte Roger, ein gammal butikkmann i Southport i Nord-Carolina.[13]
West døydde 18. juli 2017, 81 år gammal, ved Baptist Hospital i heimbyen Memphis.[11] Han døydde mindre enn to månader etter fetteren Sonny West, som hadde døydd i mai 2017.[4] West blei gravlagd ved Memorial Park Cemetery Memphis den 24. juli.[14]
Kjelder
- ↑ Daily Telegraph Issue no 50,439 dated Friday 21 July 2017- "Long-serving member of Elvis Presley's entourage who wrote a shocking exposé about his boss"
- ↑ 2,0 2,1 «Red West, Longtime Elvis Confidant, Dies at 81». Chicago Tribune. 20. juli 2017. Henta 20. juli 2017.
- ↑ 3,0 3,1 «Red West profile». Filmreference.com. Henta 15. november 2014.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 «Sonny West of Elvis' Memphis Mafia dies at 79». WMCActionNews5.com.
- ↑ 5,0 5,1 «Red West, Longtime Elvis Confidant, Dies at 81». Fox News. 20. juli 2017. Henta 20. juli 2017.
- ↑ 6,0 6,1 6,2 6,3 «Red West, Songwriter and Actor Who Was Elvis Presley's Confidant, Dies At 81». The Hollywood Reporter. 20. juli 2017. Henta 20. juli 2017.
- ↑ 7,0 7,1 «Red West Dies: ‘Road House’ Actor, Stuntman & Songwriter Was 81». Deadline. 20. juli 2017. Henta 20. juli 2017.
- ↑ 8,0 8,1 «I'm A Fool Facts». SongFacts. Henta July 20, 2017.
- ↑ 9,0 9,1 «Interview with Red West». Elvis.com. 29. mai 2008. Henta 20. juli 2017.
- ↑ «If You Talk in Your Sleep - Elvis Presley». AllMusic. Henta 21. juli 2017.
- ↑ 11,0 11,1 Beifuss, John (19. juli 2017). «Red West, Elvis friend and actor, is dead». The Commercial Appeal. Henta 19. juli 2017.
- ↑ «Red West Interview». ElvisInfoNet. Henta July 20, 2017.
- ↑ Roeper, Richard (February 12, 2013). «Safe Haven». Rogerebert.com. Henta February 15, 2015.
- ↑ John Beifuss (20. juli 2017). «Red West: Services set for Elvis friend, actor». Commercial Appeal. Henta 23. juli 2017.
Bakgrunnsstoff