Elvis Is Back! er det tiande studioalbumet til Elvis Presley. Det kom ut på RCA Victor Records i mono og stereo i april 1960 og vart spelt inn i to omgangar i mars og april det året. Det var den første innspelinga til Presley etter han kom attende frå militærtenesta si i Tyskland.
I 1957 var Presley særs populær då han fekk innkalling til militæret, men fekk utsetjing så han kunne gjere ferdig den nyare filmen sin, King Creole. Under den to år lange tenesta i Tyskland, gav RCA Victor og Paramount Pictures ut musikk Presley hadde spelt inn før han drog. Dei siste månadane medan han var i hæren, eksperimenterte Presley med nye stilar og prøvde å forbetre framføringa si. Han førebudde òg songar som han skulle spele inn for den første innspelinga si i Nashville, som skulle finne stad så snart han var attende. Presley kom attende til USA 2. mars 1960. Songaren henta saman det gamle bandet sitt, The Blue Moon Boys, utanom bassisten Bill Black. Den første innspelinga fann stad 20. og 21. mars, og den andre 3. og 4. april.
Den 20. desember fekk Presley innkallinga. Han fekk utsetjing for å gjere ferdig den komande filmen King Creole, som Paramount Pictures og produsenten Hal Wallis alt hadde investert 350 000 dollar i. I starten av 1958 toppa singelen «Don't» listene.[5]
Presley gjekk inn i hæren den 24. mars 1958.[6] Kort tid etter byrja han på rekruttskulen i Fort Hood i Texas, der han vart vitja av Eddie Fadal, ein forretningsmann han hadde møtt på turné i januar 1956. I følgje Fadal, meinte Presley at karrieren var over.[7] Etter rekruttskulen var over, gjekk han inn i den 3. panserdivisjonen i Friedberg i Tyskland den 1. oktober.[8]
Presley drog attende til USA den 2. mars 1960 og mønstra av 5. mars som sersjant.[17] Medan Presley var i Tyskland hadde manageren Colonel Tom Parker forhandla nye vilkår med RCA Victor for Presley for å fulle kontrakten sin med filmmusikk. Parker fekk òg forhandla ei høgare løn for Presley og ein part av inntekta til produsenten Wallis, og han forhandla fram ei framsyning på The Frank Sinatra Show.[18] Samstundes, for å sikre forlagshonorar, bestilte Bienstock ny tekst til «O Sole Mio», sidan melodien alt var i offentleg eige.[15]
Innspeling
Den 20. mars vart Presley og følgjet hans henta i Memphis i Tennessee og frakta til Nashville. Musikarane på innspelinga bestod av gitaristen Scotty Moore, trommeslagaren D.J. Fontana, pianisten Floyd Cramer, gitaristen Hank Garland, bassisten Bobby Moore, perkusjoniste Buddy Harman og korvokalgruppa The Jordanaires. Den opphavlege bassisten til Presley, Bill Black, avslo å bli med på innspelinga sidan han hadde suksess med sitt eige band, The Bill Black Combo. For å unngå at fansen fekk nyss i innspelinga og kom for å forstyrre dei, vart musikarane først fortalt at dei skulle bidra på ei innspeling med Jim Reeves. RCA-sjefane Sholes og Bill Bullock hadde med seg Parker, Tom Diskin, Chet Atkins, Bill Porter og Bienstock i kontrollrommet.[19]
RCA Studio B hadde nyleg vorte utstyrt med eit nytt tresporsopptakar.[20] For å vidare betre innspelinga av vokalen til Presley, hadde Porter utstyrt studioet med Telefunken U-47-mikrofonar.[21] U-47 var den første kondensatormikrofonen som kunne byte mellom rundstrålande og cardioidemønster. Mikrofonen skulle nyttast til vokalen, instrumenta og heile studiorommet.[22] Den første songen som vart spelt inn var Otis Blackwell sin «Make Me Know It», som vart mastra etter nitten forsøk. «Soldier Boy» vart seinare spelt inn på 15 forsøk, etterfølgd av songane «Stuck on You» og «Fame and Fortune», som ikkje kom med på plata. Den siste songen som vart spelt inn i mars var «A Mess of Blues», som heller ikkje kom med på plata.[23] Ei ny innspeling vart arrangert i april. Presley drog så til Miami, der han deltok på The Frank Sinatra Timex Show: Welcome Home Elvis.[24]
Dei same musikarane drog i studio att kvelden 3. april og fekk med seg saksofonisten Boots Randolph. Presley byrja innspelinga med «Fever», akkompagnert av berre bass og trommer.[25] Han følgde opp med ein omsett versjon av «O Sole Mio», no kalla «It's Now or Never». Etter Presley ikkje klarte å syngje den siste tonen i songen, tilbaud Porter om å kutte opp lydbandet slik at han berre trong å syngje slutten. Presley nekta å prøvde om att til han fekk det til på slutten.[26] «Girl Next Door Went A-Walking» vart spelt inn på ti forsøk, etterfølgd av «Thrill of Your Love».[20] «Are You Lonesome Tonight?», som ikkje kom med på albumet, vart etterfølgd av «I Will Be Home Again» - ein duett med Hodge. For den siste songen på innspelinga, Lowell Fulson sin «Reconsider Baby», spelte Presley sologitar med sin Gibson Super 400.[27]
Innhald
Elvis is Back! representerte ei ny retning for Presly, langt nærmare pop, ei retning han følgde det meste av tiåret.[28] Albumet inneheld ei blanding av sjangrar, som rock, rhythm and blues og popballadar.[1] Kritikarane er samde om at Presley hadde fått ei «djupare og hardare stemme»,[29] og sa at tolkinga hans var «stadig meir sofistikerte». Albumet inneheld varierte songar framførte av Presley og studiomusikarar, som er blitt kjende som «The Nashville A-Team», og vart spelte inn med det mest moderne opptaksutstyret som fanst på den tida. Elvis is Back! var det første Presley-albumet som kom ut i stereo.[30] På plateframsida står Presley føre eit blått sceneteppe og har på seg ein militær frakk
Mottaking og utgjeving
Den første singelen frå Elvis Is Back!, «Stuck on You», kom ut to dagar etter innspelinga med «Fame and Fortune» på B-sida. Singelen hadde eit førehandssal på 1,4 millionar tingingar.[18] Det var den første Presley-singelen som kom ut i stereo.[31]
Elvis Is Back! kom ut 8. april 1960, i stereo og mono. Albumet nådde andreplassen på BillboardTop LP's og toppen av UK Albums Chart.[32] Trass i dette var salet skuffande, og det selde færre enn 300 000 eksemplar i USA.[33]
Då albumet kom ut skreiv magasinet Billboard sa «Elvis er attende og syng betre enn nokon gong i rock and roll-stilen han gjorde kjend».[34]The New York Times kalla plata «trist og keisamt».[16]
I meldinga si for AllMusic skreiv Bruce Eder at albumet «syner ein eldre Elvis Presley med ei rik, djup røyst som kom til å utfordre forventningane kritikarane hadde. Albumet kjem ut betre enn dei tidlegare albuma han hadde laga for RCA».[35]
↑Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 892. ISBN1-57859-061-2.