Fleire møte av tyding i tysk historie har vore haldne i eller ved Eisenach, mellom anna blei det tyske sosial-demokratiske partiet (SPD) stifta her i 1869.
Skildring
I sentrum av byen ligg Marktplatz, med fleire bindingsverkhus, apotek, det gamle rådhuset frå 1638 og slottet frå 1742–45 der ein finn Thüringer Museum. Borga Wartburg ligg på ei høgd 400 meter over byen. I 1999 blei borga sett opp på UNESCO si verdsarvliste. I byen finst også eit Lutherhaus til minne om Martin Luther og eit Bachhaus til minne om Bach.
Økonomi
Historisk har Eisenach hatt stor tyding for tysk bilproduksjon. Ein framstilte EMW og Wartburg i det tidlegare Aust-Tyskland, og etter gjenforeininga BMW og Opel. Industrien i byen omfattar i tillegg produksjon maskinar, kjemikaliar og elektrotekniske artiklar. Turisme er også viktig.