DS «Kovda» (kallesignal LDSR) var eit dampskip bygt i 1924 som lasteskip for Det norsk-russiske Dampskibsselskab. Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) var deleigar i dette selskapet, men eigde og drifta skipet.
Skipet er kalla opp etter elva Kovda på Kolahalvøya.
Historie
Skipet vart bygt ved Bergen Mekaniske Verksted i Bergen og vart levert i desember 1924.[2]
27. november 1924 vart skipet sjøsett utan noko høgtidleg seremoni.[1] Den første prøveturen vart utført 20. desember 1924.[3] Den første turen til «Kovda» gjekk til Hamburg, der det ankom 28. desember 1924, og vidare for turen til Middelhavet. Skipet skulle inn i trelastfarta til Kvitsjøen, men måtte vente til istilhøva var betre utpå våren 1925. Når det ikkje var i Russlandsfarta var skipet i trampfart. I mai 1925 var skipet første gongen i Arkhangelsk og lasta for London.
I mars 1928 vart Det norsk-russiske Dampskibsselskab oppløyst og dei åtte skipa i reiarlaget vart fordelt ved loddtrekning mellom BDS og den sovjetiske handelsflåten kalla Sovtorgflot. Skipet fekk ny registreringshamn i Vladivostok. Den vidare lagnaden til skipet er ikkje kjend, og i 1960 var skipet utgått av registeret til Lloyds.
Skipet
Tonnasjen til skipet var ved levering 1 687 brt, 987 nrt og lasteevna var 2 415 dødvekttonn.
Volumet i lasterommet var 3 348 m³. Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av Bergen Mekaniske Verksted. Oppgjeven yting var 800 iHk (indikerte hestekrefter) og 163 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 10 knop.[4]
Sjå òg
Kjelder
|
---|
1852-1900 | |
---|
1900-1925 | |
---|
1926-1950 | |
---|
1951-1975 | |
---|
1976-1987 | |
---|
Delvis eigde fartøy | |
---|