DS «Jonas Lie» (kallesignal JQLW) var eit dampskip bygt i 1875 som eit passasjer- og lasteskip for Wollert Konow Ltd. og Krohn-linjen. Skipet vart bygt for fart mellom Bergen og Tromsø.
I 1906 var det lugarplass til 21 passasjerar på 1. plass og 18 passasjerar på 2. plass.
Historie
I 1871 overtok ei rekkje kjøpmenn og andre parthavarar DS «Michael Krohn» i Bergen, som vart sett inn i fart mellom Bergen og Nord-Noreg. Det første året gav dette eigarane eit utbytte på 30 %, og dei sette derfor i gang med å få bygt eit nytt skip. DS «Præsident Christie» vart bygt i 1872 og året etter kom «Jonas Lie». Samstundes hadde Arent Schønings Sønner starta fart i same ruta med DS «John Schøning». Då sildeboomen var over i 1878 kom det til eit fast samarbeid mellom Schøning og Krohn-linjen, som i lag skipa eit nytt selskap, Det Bergensk-Nordlandske Dampskibsselskab. I 1883 hamna både «Michael Krohn» og «John Schøning» i alvorlege havari. Begge skipa vart berga, men selskapet hama i så store økonomiske problem at dei byrja å forhandle med Det Bergenske Dampskibsselskab om ei overtaking. Sidan Bergenske samarbeidde tett med Det Nordenfjeldske Dampskibsselskab på denne tida, var det naturleg å ta dei med i forhandlingane. Ved loddtrekning fekk Bergenske overta «Jonas Lie» i april 1884 for 165 000 kroner.[1] Dei fekk òg eit anna skip, «Johan Schøning», medan Nordenfjeldske tok over to andre skip.
I 1899 fekk skiet ny donkeykjel og mannskapsseksjonen vart utbetra. I 1902 vart det utført ein større reparasjon ved verftet til Bergenske på Lakesvågsneset. Det fekk då ny innreiing, ny stocklessanker og ny compoundmotor. Ein annan, ny donkeykjel vart sett inn i 1913 og i 1915 vart skipet ombygd til eit reint lasteskip.
I 1922 vart skipet selt til Nord Ostsee Rederei i Danzig og det fekk namnet «Danzig». Alt året etter vart det selt vidare til Sarmacja i Danzig og det vart omdøypt «Warta». Skipet vart opphogd i første kvartalet i 1927.
Kjelder
|
---|
1852-1900 | |
---|
1900-1925 | |
---|
1926-1950 | |
---|
1951-1975 | |
---|
1976-1987 | |
---|
Delvis eigde fartøy | |
---|