Chicago XXVI: Live in Concert er eit konsertalbum av det amerikanske bandet Chicago, det 26. albumet deira totalt, gjeve ut i 1999. Det var det andre konsertalbumet deira som kom ut i USA og det første sidan Chicago at Carnegie Hall i 1971 og Live in Japan i 1972, sjølv om bandet hadde gjeve ut fleire VHS-konsertar tidleg i 1990-åra.
Chicago XXVI: Live in Concert består hovudsakleg av mange av hittane deira, i tillegg til tre nye studioinnspelingar på slutten av albumet. Den eine er Jackie Wilson sin «(Your Love Keeps Lifting Me) Higher and Higher», med Michael McDonald på solovokal.
Albumet kom ut på deira eige Chicago Records og vart det første nye Chicago-albumet som ikkje gjekk inn på salslista.
Albumet fekk blanda mottaking. Mange likte at den nyare besetninga endeleg kom med eit konsertalbum. Andre likte òg at innspelinga hadde god lyd og bandet fekk ros for den reine, presise framføringa.
Noko av kritikken av albumet var at Michael McDonald song solo på ein av songane, når Chicago hadde fleire kapable songarar. I tillegg la bandet på vokal og blåsarar i studio for å betre lyden på albumet (noko som er vanleg på mange konsertalbum). Songutvalet på albumet vart òg noko kritisert. Somme kritiserte mangelen på songar frå tida etter 1984.