Lamm byrja å spele musikk som barn, og lærte seg å spele piano på eiga hand. Han song òg i Brooklyn Heights choir. Lamm spelte i fleire band på skulen og gjekk på Roosevelt University i Chicago for å studere musikkteori og komposisjon. Tidleg i 1967 vart han med i Chicago og byrja ein fase av karrieren sin som skulle vare over tre tiår. Lamm spelte òg stundom inn soloalbum, som Skinny Boy i 1974, Life Is Good in My Neighborhood i 1995 og In My Head i 1999.