Bjørn Myrbakken (fødd 15. august 1972) er ein norsk tidlegare skihoppar frå Fannrem. Under Ski-VM 1993 i Falun var Myrbakken med på det norske gulllaget i lagkonkurransen. Dei andre var Helge Brendryen, Øyvind Berg og Espen Bredesen. Myrbakken var medlem av Orkdal Idrettslag.
Myrbakken debuterte i verdscupen i Trondheim i mars 1991. Hans beste plasseringar i verdscupen var to tredjeplassar. Den fyrste kom i Sapporo i desember 1992, den andre i Gross-Titlis-bakken i Engelberg, temmeleg nøyaktig eit år etter.
Under ski-VM 1993 i Falun var Myrbakken med på det norske laget som vart verdsmeistrar i laghopping. I dei individuelle renna gjorde han det dårleg, vart nummer 33 og 36. Myrbakken vann sølvmedaljen under noregsmeisterskapen i stor bakke i Odnesbakken i 1993, men var langt bak noregsmeisteren Espen Bredesen.
Besteplasseringar i internasjonale renn
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap
- 1991: Nr 12 i storbakken i Bærum
- 1992: Nr 7 i normalbakken i Molde
- 1993: Sølvmedalje i storbakken på Odnes, nr 6 i normalbakken på Lillehammer
Kjelder
- Sportsboken, aktuelle årgangar
Bakgrunnsstoff